Noreg midt på treet i ny PISA-test
Norske elevar er nest best i Norden når det kjem til problemløysing, men hamnar midt på lista blant OECD-landa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
PISA: Noreg midt på treet
Det finske skulesystemet har fått mykje skryt og finske elevar kjem best ut i Norden i ein ny PISA-test. Noreg tek andreplassen blant dei nordiske landa, men hamnar på ein 21. plass av i alt 44 land.
LES OGSÅ: Professorar åtvarar mot Pisa-hysteri
Litt over snitt
Med 503 poeng er Noreg rett over snittet for landa i Organisasjonen for økonomisk utvikling og samarbeid (OECD).
Finland får 523 poeng, medan både Danmark og Sverige hamnar under OECD-snittet på 500 poeng. Dei får 497 og 491 poeng.
Austerrike, Belgia, USA og Tyskland er nokre få poeng framføre Noreg, medan Irland ligg rett bak.
Elevar frå Singapore toppar PISA-testen med 562 poeng, rett framføre Sør-Korea med 561 poeng. Japanske elevar kjem på tredjeplass med 552 poeng.
Deltesten i problemløysning er ny i PISA-systemet og vart gjort i samband med dei andre PISA-undersøkingane i leseforståing, matematikk og naturvitskap i 2012.
I denne testen hamna Noreg på ein 30. plass, og Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) konkluderte med at me har eit realfagsproblem.
LES OGSÅ: Forskar slaktar skuletest
Kjønnsbalanse
I deltesten har elevane vorte testa i sine evner til å undersøkje og forstå ein problemsituasjon. Dei skal syne problemet, til dømes ein graf, og sjå effekten av ei handling på førehand.
Norske elevar gjer det litt betre enn OECD-snittet når det kjem til å forstå og utforska problemsituasjonar, men er dårlegare til å overvake løysningsprosessen og vurdere svar, konkluderer forskarane med i delrapporten frå desse testane, som no er offentleggjort.
Rapporten syner liten forskjell mellom kjønna og dei ulike skulane, men det er store individuelle forskjellar i resultata.
– Undersøkinga syner ein klar samanheng mellom elevane sine resultat i lesing, matematikk og naturfag, og deira evne til problemløysning. Det er difor viktig å fortsetje satsinga på grunnleggjande ferdigheiter i skulen, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.
Faktaboks
PISA
• PISA (Programme for International Student Assessment) er ei internasjonal undersøking i regi av OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development).
• Studien kartlegg kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag. Matematikk er hovudområdet i PISA 2012.
• PISA blir gjennomført kvart tredje år. Noreg har deltatt sidan oppstarten i 2000.
• 510.000 elevar frå 65 land, korav 34 er OECD-land, deltok i studien i 2012. Frå Noreg deltok nesten 4700 elevar frå 198 skular.