Urolege for nynorsk Grunnlov

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har den siste tida vist seg vanskeleg å samle eit stortingsfleirtal bak dei moderne parallellversjonane på bokmål og nynorsk som eit utval leidd av jussprofessor Hans Petter Graver har laga. Heller ikkje alternativa ser ut til å få fleirtal. Dermed kan det ende med at Stortinget ikkje vedtar nokon av forslaga, og at Grunnlova blir som ho er – og stadig ikkje på nynorsk.

– Det ser dessverre ut som det endar opp med ein gammaldags språkversjon frå 1903, sa Karin Andersen (SV) i kontroll- og konstitusjonskomiteen til VG tidlegare denne veka.

Det uroar samarbeidsorganet Nynorsk Forum, som i eit brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen oppmodar Stortinget «til å vedta Grunnlova på nynorsk og bokmål i tråd med framlegga frå Graver-utvalet».

LES OGSÅ: Nynorsk Grunnlov?

– Ikkje ideelt, men best

Heller ikkje dette framlegget er ideelt, meiner dei, men mykje betre enn alternativa.

– Stortinget vedtok i 2002 at nynorsk og bokmål skal normerast på sjølvstendig grunnlag. Derfor burde Graver-utvalet ha forma også den nynorske teksten på nynorskens premissar, ikkje ut frå eit ønske om det utvalet sjølv har kalla ein bokmålsnær tekst, heiter det i brevet.

– Likevel kan vi trygt rå til at Stortinget vedtar denne teksten, skriv sekretær Ottar Grepstad i Nynorsk Forum på vegner av 17 ulike nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter.

LES OGSÅ: – Gjer Grunnlova til eit språkleg lappeteppe

Fleire framlegg
Kontroll- og konstitusjonskomiteen har no fleire framlegg til behandling. I tillegg til dei parallelle bokmåls- og nynorskversjonane frå Graver-utvalet, har språkprofessor Finn-Erik Vinje stått for ei meir nennsam modernisering av den gammalmodige bokmålsteksten, som sist vart friska opp i 1903. Dette framlegget kan òg Stortinget velje å vedta saman med nynorskframlegget frå Graver-utvalet.

Så har sivilombodsmann Arne Filflet foreslått ein «tredje veg»: å halde på grunnlovsteksten frå 1903, men heller skrive inn nye vedtak på eit moderne språk og vekselvis på bokmål og nynorsk.

Det har i alle fall Venstre sansen for. I ein kronikk i Aftenposten 25. februar sa komitémedlemmen Abid Q. Raja (V) seg einig med Filflet. Raja meiner at det å modernisere Grunnlova, enten det er varsamt eller grundig, er å tukle med eit viktig kulturhistorisk dokument.

– Vi er nemleg i ferd med å vrake den kulturhistoriske arven vår til fordel for ein meir moderne, samtidstilpassa språkdrakt, meiner Raja.

LES OGSÅ: Vil ha Grunnlova på nynorsk

Sprikande Storting
Både Høgre og KrF har stilt seg opne for å diskutere denne blandinga av gammalmodig og moderne språk og bokmål og nynorsk.

Framstegspartiet støttar Vinje-forslaget, som dei i si tid tok initiativet til, men har samtidig vore opne for å godta ein nynorsk parallellversjon som eit kompromiss.

Så langt er det berre dei raudgrøne, Ap, SV og Sp, som klart går inn for Graver-forslaget.

I verste fall samlar ingen av dei aktuelle framlegga det nødvendige to tredels fleirtalet i Stortinget, og da blir det ingen endringar og heller inga offisiell parallellutgåve på nynorsk.

Komiteen skal leggje fram innstillinga si i saka innan 29. april før den endelege behandlinga i Stortinget 6. mai. (©NPK)