Kvar fjerde droppar ut innan eitt år
Kvar fjerde student ved Universitetet i Bergen sluttar på studiet det første året, viser nye tal.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvar fjerde droppar ut
– Fråfallet begynner å bli urovekkjande høgt, seier leiaren for Karrieresenteret, Rønnaug Tveit, ved Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) til studentavisa Studvest.
Fråfallet er også omfattande ved Høgskulen i Bergen (HiB), medan ein ved Norges Handelshøyskole (NHH) har nådd målsetjinga om å redusere fråfallet, ifølgje studentavisa.
Tveit meiner det er vanskeleg å seier kva som kan gjerast for å snu utviklinga ved UiB, men ho trur at det kan vere ein idé å begynne alt på vidaregåande skule for å møte forventningane til kommande studentar.
– For enkelte er ikkje studiet slik dei hadde tenkt seg, seier ho, og legg til at overgangen frå vidaregåande til høgare utdanning kan vere vanskeleg. (©NPK)
Kva meiner du skal til for at fleire skal halda fram med studiane sine?