Eksamen, russefeiring eller begge delar?

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ja til eksamen før 17. mai

Skulen skal fyrst og fremst vera ein arena for kunnskap og læring. Samstundes tykkjer eg arbeidssame vidaregåandeelevar bør gås i møte med størst mogleg fleksibilitet i slutten av eit 13-årig utdanningsløp. Eg er difor glad for at mitt eige fylkesparti, Oppland Høgre, no går inn for at vårt fylke skal vera prøvefylke for ordninga med eksamen før 17. mai.

Det er openbart elevane sitt eige ansvar å avleggje eksamen etter beste evne. Likevel er det rimeleg at også styresmaktene tek innover seg ein tradisjon som for lengst er komen for å bli. Russetida er ein tradisjon avgangselevar ved norske vidaregåande skular heldt i hevd i hundreår. Russefeiringa markerar avslutninga på eit 13-årig skuleløp – og inngangen til vaksenlivet. Det er også ei markering som inneber meir enn fyll og russekrav. Her skil vegane til årelange vener. Nokon går i jobb, somme går til studiar. Nokon flyttar, andre blir verande.

Eg er ein varm tilhengjar av fridom. Fridom er ein grunnleggjande basis for å realisere tillitssamfunnet. Men som dei fleste konservative veit – med fridom fylgjer også ansvar. Difor tykkjer eg eit rimeleg krav til dagens og framtidas vidaregåandeelevar er at russetida ikkje blir ei sju-åtte månadars lang affære, slik som det svært mange plassar er i dag. Difor meiner eg vi i forlenginga av dette framlegget også skal bli bevisste på å skape gode haldningar og stille rimelege krav. Vi lyt ta inn over oss at russefeiringa er komen for å bli, men det er ikkje korkje urimeleg å krevja fokus resten av avgangsåret. Konklusjonen er at eg er stolt over initiativet frå Unge Høgre i denne saka og glad for at Oppland Høgre ynskjer å leggje til rette for at elevane i mitt eige fylke skal vera pilot i ei prøveordning som bør vera nasjonal og som bør bli permanent.