Vil jobbe for fleirspråkleg skilting

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fleire skilt på nynorsk

På Norsk Målungdom sitt landsmøte i Stavanger vedtok ungdomsorganisasjonen i arbeidsprogrammet å setje «Nyskilting av Noreg» som første punkt. Det betyr mellom anna meir skilting på fleire språk som nynorsk og samisk.

«Norsk Målungdom skal jobbe for at det språklege mangfaldet vert synlegare i det offentlege rom» heiter det i det nye arbeidsprogrammet. Målungdomen vil leggje dette arbeidet opp både mot offentlege og private aktørar.

– Når ein kjem køyrande over grensa står det Norge/Noreg på skiltet. Men landar du på Gardermoen, eller andre internasjonale flyplassar, er det berre skilta på bokmål. Vil vil at det første ein ser når ein kjem til Noreg, skal vere ei gjenklang av det fleirspråklege samfunnet vi har i Noreg, seier Karl Peder Mork, som i helga blei einstemmig valt til leiar i Målungdomen.

– Det er ingen grunn til at ein berre skal møte bokmål når vi i Noreg i dag har fleire offisielle språk, seier Mork i ei pressemelding.

– Å ta vare på desse språka er eit samfunnsansvar også staten må vere med på. Både nynorsk og bokmål, men også samisk og kvensk bør vere ein naturleg del av språket i det offentlege, held han fram. Han meiner at alle språka som har offisiell status skal vere ein del av språkkvardagen vår.

– Derfor vil vi at alle offentlege bygg må innføre fleirspråkleg skilting, understrekar han.

Ser fram til språklov
Karl Peder Mork starta i Målungdomen i lokallaget på Oslo Katedralskole, og har sete to år i sentralstyret. Til sommaren tar han over som leiar. Det er eit arbeid osloguten frå Holmenkollen gler seg til. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner han språklova.

– Det har lenge vore snakk om ei språklov, og i februar sa kulturminister Thorhild Widvey at regjeringa ville prioritere arbeidet med denne. Norsk Målungdom vonar dette betyr at rettane vi har som språkbrukarar blir lovfesta, seier Mork. Han legg til at ei slik språklov bør byggje på prinsippa i stortingsmeldinga Mål og meining som kom for nokre år sidan.

– Vi vil at alle skal få sjå språket sitt. Derfor vil vi ha ei lov som pålegg det offentlege å følgje dei andre språklege reglane, og som lovestar retten til skolemateriell på ditt eige språk, same om du går i offentleg eller privat skole. Studentar må få eksamen på sitt språk. Dette er viktige prinsipp i jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, legg han til.

Med seg på laget i det nye sentralstyret får han nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal på Sunnmøre, Synnøve Sætre frå Ørsta som skrivar, Fredrik Hope som økonomiansvarleg, og Jorunn Simonsen Thinges frå Skei i Jølster og Eskil Syltøy Løland frå Sotra som sentralstyremedlem.