Studerer lite – får gode karakterar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karakteren C, som skal gjevast til jamt over gode oppgåver, har i praksis vorte dårlegaste karakteren på norske masteroppgåver.

Tal som Dagens Næringsliv har henta ut viser at 91 prosent av masteroppgåvene som blei sensurert i Noreg i fjor fekk karakteren C eller betre.

Flest toppkarakterar er det innanfor økonomi og juss. Ved Norges Handelshøgskole (NHH) fekk over halvparten av studentane A på masteroppgåva. Det får NHH-student Hogne Ulla til å reagere.

– Det har gått inflasjon i gode karakterar, i alle fall innanfor økonomi- og administrasjonsfaga. Når så mange får A eller B forsvinn poenget med ein karakterskala, seier han til Studvest.

Det siste året har Ulla vore studentrepresentant i eit utval som har gått gjennom karaktersettinga innanfor økonomiutdanningane. Utvalet føreslår nye retningslinjene for å snu trenden.

LES OGSÅ: Fire av ti studentar fullfører ikkje graden

Varierer frå stad til stad
Medan karakterane blir stadig betre, er tidsbruken ein annan. Norske studentar bruker i snitt 27,5 timar i veka på studiane. Dette uroar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Eurostudent-undersøkinga viser at norske studentar ligg i det lågare sjiktet i Europa når det kjem til tidsbruk, seier Røe Isaksen til Studvest.

Hovudproblemet er ikkje tidsbruken i seg sjølv – men kva det fortel om norsk høgare utdanning, understrekar ministeren.

– Det er store skilnader på tidsbruken til studentar ved dei ulike studiestadane. Samstundes har alle institusjonane ein ganske jamn fordeling av karakterar. Det tyder på at ein god karakter ikkje betyr det same ved alle institusjonar, seier han til Studvest.

LES FLEIRE SAKER OM HØGARE UTDANNING HER!