Noreg vil trenge mange anleggsgartnarar framover. Lærling Anja Haugland valde yrket på grunn av dei gode jobbmoglegheitene.

mm
Faktaboks

Utdanningsveg for anleggsgartnarar

VG1 Naturbruk eller VG1 Bygg og anleggsteknikk

VG2 Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag, 21 skular i Noreg tilbyr dette.

To års opplæring i bedrift som anleggsgartnar eller innafor idrettsanleggsfaget

Kjelde: Utdanning.no 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg gjekk først på hestelinja, men så fann eg ut at det ville vere vanskeleg å få jobb. Det er jo hundretusenvis av jenter som vil halde på med hest, fortel Anja Haugland.

Variert arbeidskvardag
Difor valde ho å tenkje praktisk, då ho skulle stake ut vegen vidare. Fordi hest er vanskeleg som levebrød, gjekk ho vidare på anleggsgartnarlinja på Øksnevad vidaregåande skule i andreklasse.

– I utgangspunktet visste eg ikkje heilt kva det gjekk i, medgjev sandnesjenta, som no er inne i sitt første år som anleggsgartnarlærling hjå Stangeland Maskin.

Ho hadde likevel eit visst inntrykk av at jobben.

Arbeidsoppgåvene er varierte: Alt frå å setje saman leikeutstyr, plante, skjere ned på tre, klippe gras eller mure med stein. Anleggsgartnarar kan òg køyre små gravemaskinar – symaskinar som dei kallar det – og hjullastarar.

– Eg veit ikkje om alt eg kan gjere enno, seier 22-åringen, som set pris på varierte arbeidsdagar, både når det gjeld oppgåver og stader.

Om vinteren er det mykje grå stein, om sommaren meir grønt. Det er då det er kjekkast å vere anleggsgartnar, ifølgje Anja.

LES OGSÅ: Løft for lærlingar

Ettertrakta arbeidskraft
Lærlingen merkar godt behovet for folk med den kompetansen ho har.

– Behovet for anleggsgartnarar har eksplodert dei siste fem åra, fortalde anleggsgartnarleiar i Stangeland Maskin, Kjartan Lohne, i fjor til Jobb i Rogaland.

Men det er ikkje til å kome utanom at anleggsgartnarane har fleire oppdrag i sommarhalvåret enn vinterhalvåret. Anja sin arbeidsgjevar har løyst problemet med å la gartnarane arbeide på Stangeland Maskin sine eigne område vinterstid, når det ikkje er så mange andre oppdrag. Om sommaren er det derimot fullt opp av arbeid, og her, som i mange andre handverkaryrker, er det mykje utanlandsk arbeidskraft, fortel Anja.

Merete Bellingmo, dagleg leiar i Norske anleggsgartnere – miljø og landskapsentreprenører (NAML), fortel at marknaden er langt frå metta med anleggsgartnarar og at dei i åra framover vonar å rekruttere rundt ti prosent fleire enn dei gjer i dag.

– For å realisere nasjonal transportplan og mange nye bustadprosjekt, vil me trenge minst like mange handverkarar framover, som dei treng folk innan helse og omsorg, samanliknar Bellingmo.

Søkjartala for alle yrkesfaga har gått ned for skuleåret 2014/2015. Begge linjene ein kan byrje på for å verte anleggsgartnar opplever nedgang. 1 536 norske ungdommar har søkt seg til VG1 naturbruk og 3401 har søkt seg til VG1 bygg og anleggsteknikk, og kan då velje seg vidare på VG2 anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag. Størst er nedgangen hjå dei som søkjer seg til bygg og anlegg.

Nokre skular i Oslo, Akershus og Hordaland har òg eit tilbod om at elevane kan starte med lærlingpraksis i anleggsgartnarfaget allereie første året.

LES OGSÅ: – Lærer betre med praksis

Saka fortset under biletet.


Lærlingen har byrja å øvingskøyre med hjullastar, tilsvarande den på biletet.

Ingen karriereblindveg
I tillegg er det ein aukande etterspurnad frå privatmarknaden, som det ikkje er nok anleggsgartnarar til å ta seg av.

– Det viktigaste eg vil seie til norsk ungdom og foreldra deira er at anleggsgartnarfaget og andre handverksyrker er ein trygg veg å gå med gode framtidsutsikter, seier Merete Bellingmo.

Ho fortel at karrierevegen slett ikkje treng å stoppe etter eit meisterbrev i anleggsgartnarfaget. Ein kan til dømes vidareutdanne seg til landskapsingeniør eller landskapsarkitekt.

Bellingmo meiner det er viktig å få tak i både yngre, men òg vaksne folk, som er glad i å vere i fysisk aktivitet og å vere kreative. Folk som kan tenkje både på både det grøne, dei grå steinane rundt og det blå vatnet.

Anleggsgartnarane har ei viktig rolle med å sørgje for både vakre område, men òg grøne lunger som kan skape frisk luft i urbane miljø. Med byutbygging kjem stadig nye utfordringar for anleggsgartnarane, som kva plantar ein kan ha på nordiske tak.

Mannsdominans
Sjølv om Anja trivst godt, trur ho ikkje yrket passar for alle. Sjølv er ho eit arbeidsjarn som trivst i aktivitet.

– Det er alltid kjekt å arbeida. Eg må ha noko å henge fingrane i og hadde ikkje takla å sitje på eit kontor og sjå i taket. Det er ikkje meg, forklarar ho.

Å ha eit fysisk arbeid har nokre store fordelar.

– Eg er ikkje avhengig av å jogge eller trene etter jobb, fordi eg arbeider fysisk heile dagen.

Akkurat i dag jobbar faktisk Anja saman med ei anna jente, som er ferdig med fagbrevet.

Men elles er arbeidsplassen hennar dominert av yngre menn, noko som aldri har verka avskrekkande på Anja.

– Ein må tole å høyre om sex i dette yrket. Men me kan snakke om kva som helst, smilar anleggsgartnarlærlingen, som trur dette skil seg frå eit kontormiljø.

Noko av det kjekkaste med jobben er å gjere utemiljøet fint. Å sjå eit nytt byggeområde gå frå pukk og stein til grønt og fint.

– Eg får vera med å skapa eit flott uterom som folk kan nytta, kanskje kan eg ta med meg ungen min dit om fem år og seie at: dette har eg laga.


Anleggsgartnarane køyrer ut til ulike arbeidsplassar med alt utstyret dei treng.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE