Ikkje gull alt som glitrar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har verdas beste jobb, meiner forgyllar Sarah B. Eggen, likevel er ho klar på at dette ikkje er ein jobb mange kan ha.

LES OGSÅ: Gullsmed med sølvstreng

Meir gull hjå naboane
Noreg er ikkje like full av gods og gull som våre naboland. Men nokon må ta vare på det me har, slik at det kan skine for kommande generasjonar.

I desse jubileumstider er det særleg mykje å gjere. Det røskar litt tak i folk. Forgyllaren har mellom anna hatt i oppdrag å restaurere konge-, dronning og kronprisstolen på Stortinget og fleire speglar til Eidsvoll-bygningen som skulle fiksast til grunnlovsjubileet. For Munch-museet  har ho laga fleire rammer.

– Gamle speglar og rammer har ofte merker der folk har teke i dei, og det er gjerne ei ivrig dame som har vaska nedst, der ho kom til, smilar Eggen, for ein skal ikkje gnukke på forgylla materiale.

Ho sit på bakrommet i Drøbak kyrkje, eitt av prosjekta ho arbeider med om dagen. Ho har vorte henta inn som gullekspert av målerikonservatoren som har hatt oppsynet med ei større oppussing av det over 200 år gamle kyrkjebygget.

På bordet står krukker med gull, harelim og kritt.

Det er meir arbeid og fleire lag enn ein skulle tru å lage gull av tre. Det er lag på lag. Første lag er kvitt harelim, kritt og vatn, neste gult, så litt raudbrunt før gullet kjem på. Og ofte skitnar ho det litt til. Det skal jo ikkje sjå nytt ut, og ein skal misse trekjensla.

LES OGSÅ:– Me er eigentleg for seint ute

Karrieretilfeldigheiter
Som så mykje anna i livet er det tilfeldigheiter som har leidd ho inn på den smale karrierestien. På vidaregåande gjekk ho grunnkurs og VK1 Teikning form og farge – det som i dag er vorte Design og handverk – for så å ta kunsthistoriefag, men ho kjente snart at det klødde litt i fingrane etter å skape noko.

Med sikte på kunsthøgskular og fordi ho hadde høyrt at møbelsnikkar var ein god bakgrunn å ha, søkte ho seg til trearbeidslinja på Holtet vidaregåande skule.

– Diverre kom reform -94 og då var det berre eitt par som fekk lærlingplass, minnast Eggen.

Ho fekk noko jobb hjå ein møbelrestaurerar, men ikkje nok til å ta fagbrevet.

Så høyrde ho om ei utdanning innan konservering av antikke møblar på West Dean College i England. Her kom ho inn på første forsøk og vart etter kvart kjent med både gamle møblar og gull. Dei var fleire nordmenn på utdanninga, og Sarah såg difor at det var lurt å spesialisere seg. Det vart gull.

– Oppdraga går via jungeltelegrafen, eg får ikkje jobbane mine via Gule sider, smilar Sarah, noko ho har grunn til.

Ho er fullbooka heilt til hausten, og held mellom anna på med eit toårig prosjekt med restaurering av gjerdet i Wesselgården i Oslo.

– Den første jobben er den gylne billetten, fortel Sarah, for henne var det eit oppdrag frå Nasjonalgalleriet.

Ho har alltid nytta lite tid på marknadsføring, den siste jobben er den beste reklamen. Etter Nasjonalgalleriet har det vorte fleire faste store oppdragsgjevarar, både Slottet, Statsministerens bustad og Stortinget har ho vore innom fleire gonger.

Fri som fuglen
Mange har eit romantisk syn på det å vere sin eigen herre og Sarah set utan tvil stor pris på det. Det som gjer arbeidet som sjølvstendig næringsdrivande mindre attraktivt er dei administrative dagane ein ikkje får betalt for. Når ein må sende fakturaar og svare på e-post. Gå på synfaring og gjere prisoverslag. Sjukedagar med tapt inntekt. Men å vere sin eigen herre over arbeidstida er fint.

– Det er viktig å spørje seg: Kan eg leve av det? Er Sarah sitt råd til unge som skal velje karriereveg.

Sjølv opplever ho at mange kjem med utsegn som: “Så gøy at du kan leve av hobbyen din.”

Men det er jo ikkje ein hobby.

Altmoglegvaktmeister
Ifølgje Sarah er ein karriereveg som forgyllar absolutt liv laga. Det har skjedd ein gradvis overgang i norske museum og andre kulturinstitusjonar, der vaktmeisteren har fått ei mindre rolle. No vert meir lagt i hendene på spesialistar på konservering.

– Før var det gjerne ein vaktmeister som gjekk og limte rammene. Det ligg på ein måte litt i ryggmargen på det norske folk at ein skal fikse ting sjølv.

Ho merkar òg at folk er meir oppteken av å ta vare på tinga sine. At gjenbruk og retro har vorte meir stas.

Og der det før var gullet som var dyrt og handverkaren som var billig, er det i dag annleis. Flaka med gull kostar mindre enn ein som kan handtere dei.

Utanlandsk konkurranse
Norske handverkarar har lenge opplevd konkurranse frå utanlandske arbeidarar. Òg innanfor konserveringsfaga er det fleire som kjem reisande til. Sarah fortel om fleire engelske og tyske målerikonservatorar ved dei store institusjonane. Særleg i Tyskland heng eit sveinebrev høgt.

– Somme tider tenkjer eg at me syr litt puter under armane på lærlingane våre. Dei skal ha godt betalt, sjølv om dei ikkje kan yrket. Då eg gjekk i lære i England stod eg og arbeidde i 13 grader, fortel Sarah.

Og nei, temperaturen var ikkje av omsyn til skjøre gamle møblar.

For å følgje draumen må ein fryse litt.

Og det løna seg. I England fekk ho arbeide med draumeprosjektet: Ei Thomas Chippendale-seng. Han var ein av Englands mest populære møbelkunstnarar på 1700-talet. Restaureringsprossessen av den overdådige himmelsenga gjekk over lang tid med kvalitetshandverkarar i alle ledd.

Tolmod er ein annan viktig føresetnad for å drive med forgylling.

Det er ein prosess ein ikkje kan korte ned noko særleg. Det er den same teknikken som vert nytta i dag, som på originalverka. Sarah føretrekk å nytte lim må tørke i 12 timar, den vert betre enn den som tørkar på ein fjerdedel av tida.

– Stilen til ein forgyllar er litt som ei handskrift, anten likar ein stilen eller ikkje, seier Sarah, som sjølv føretrekk at det ikkje ser ut som ein nymåla vegg.

Og lurar du på om veggane heime hjå Sarah er fulle av gull og glitter?

Det kan ho avkrefte. Men ho har eit lite gullkjede rundt halsen i det minste.

LES SAKA PÅ MAGASINETT!