– Studentane bør få møte si eiga målform i studentavisa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lite nynorsk i studentavisene

Nynorskprosenten i studentavisene er avhengig av talet på frivillige nynorskbrukande journalistar, og desse er ikkje alltid like lette å få tak i.

Studvest i Bergen er den einaste av dei tre største studentavisene i Noreg som har ei målsetting om nynorskprosent. Men dei er langt ifrå å ha 50 prosent nynorsk, som er målet dei har fått av utgjevaren Velferdstinget i Bergen.

LES OGSÅ: – Bruk av målform bør gjerast til ei æressak

Vanskeleg Vestland
Trass i at Bergen er den byen mange studentar frå nynorskfylket Sogn og Fjordane kjem til, har ikkje studentavisa Studvest lett for å få tak i nynorskkyndige skribentar og journalistar.

I siste utgåva av Studvest var om lag ei halv side, av i alt 27 sider, skriven på nynorsk. Det var ei nyheitssak og ei kort musikkmelding.

– Førre semester hadde me éin nynorskjournalist, som valde å skrive dei fleste artiklane sine på bokmål, men no har me vore litt heldigare, fortel Kim Arne Hammerstad, ansvarleg redaktør i Studvest.

I dag har Studvest tre nynorskjournalistar, samt nokre fleire som kan skrive nynorsk, men føretrekk bokmål.

 

Foto: Øyvind S. Stokke-Zahl

Som redaktør i Vestlandets største studentavis kjenner han eit visst ansvar for å skape grobotn for unge nynorskskrivande journalistar. Han viser til Bergens Tidende sin språkmiks som eit godt døme på den same språkmiksen som dei fører i Studvest. Målform er valfritt.

I tillegg har studentavisa i Bergen som regel at framsidetilvisingane skal vere på same målform som teksta inni.

– Det ideelle hadde vore å få ein jamnare miks mellom nynorsk og bokmål, men det har synt seg vanskeleg å få tak i nynorskjournalistar, forklarar redaktøren, som medgjev at dei kunne gått meir aktivt ut mot denne gruppa i rekrutteringa.

– Me kunne ha jobba meir aktivt saman med Studentmållaget, men i dag har me jobb nok med å få nok søkjarar.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar Bergens Tidende

Ubevisst flinke
I den nyaste utgåva av Universitas er om lag tre av 32 sider nynorsk tekst. Det er eit essay, eitt portrettintervju og to konsertmeldingar frå Bylarm.

Studentmållaget i Oslo (SmiO) har sett seg som mål å auke nynorskbruken ved Universitetet i Oslo.  I samband med det inviterte dei studentavisa Universitas til ein prat om kva dei kan gjere for å få meir nynorsk, eit tiltak redaktør Anne Helseth set pris på.

Leiar i SmiO, Jorunn Thingnes, meiner Universitas er ganske flinke på nynorsk, men har inntrykk av at dette ikkje er resultat av ei bevisst målsatsing.

LES OGSÅ: Fosse ut mot språktvang for journalistar

– Folk tykkjer det er litt barskt

Universitas har nemleg ingen målsettingar om målform, og har heller ikkje lyst spesielt ut etter nynorskjournalistar.

– Nynorskdelen kunne gjerne vore høgare. Det er vanskeleg å få tal på nynorskstudentar ved Universitetet, men ut i frå dette vil eg trur at delen er ganske bra, seier Thingnes, som ikkje trur 25 prosent nynorsk i Universitas er ei realistisk målsetting.

Redaktøren i Universitas er ikkje uroa for statusen til nynorsk.

– Eg erfarer at nynorsk har høg status blant studentane. Me har to journalistar som alltid skriv nynorsk, noko som vert godt teke i mot. Folk tykkjer det er litt barskt, seier Helseth, redaktør i Universitas, som opplever målmiksen som berikande.  

– Det er likevel vanskeleg for oss å gjere noko med nynorskdelen, då me er prisgitt dei journalistane me får. Det er noko me kan hugse på i tilsetjingsprosessen, utan at me skal kvotere inn nynorsk på kostnad av andre.  


Redaktør Anne Helseth er ikkje uroa for statusen til nynorsken. Foto: Universitas

LES OGSÅ: – Vågå-dialekta fekk ei viktig rolle

Målhybridar
Studentmållaget i Bergen vil ikkje vere dårlegare enn gruppa i Oslo. Dei melder difor at dei skal invitere Studvest og K7Bulletin, NHH si studentavis, til eit nynorskmøte.

– Nynorskdelen i studentavisene i Bergen er ikkje overveldande stor, seier leiar i Studentmållaget i Bergen Fredrik Hope, som understrekar at det berre er hans oppfatning og ikkje basert på empirisk forsking.

Han gler seg over å ha lese nynorsk i Studvest, men har intrykk av at det avhenger meir av journalistane enn ei målbevisst satsing frå studentavisa.

Redaktøren i Studvest fortel at nynorsk kan vere eit lite fortrinn når ein søkjer som journalist hjå dei og at målhybridar på intervju vert oppmoda til å skrive nynorsk. Han ser ikkje bort ifrå at han i komande stillingsannonser vil oppmode nynorskbrukarar spesielt til å søkje.

LES OGSÅ: Tid for nynorsk

Nynorsk – eit levande språk
Trondheimsstudenten Stein Olav Romslo er styremedlem i Studentmållaget i Nidaros og følgjer difor studentavisa Under Dusken. Her tykkjer han nynorskdelen er altfor låg.

– Eg har bladd gjennom nummera som er kome ut til no i år, og funne ut at det i snitt er tre sider på nynorsk, seier Romslo, som peikar på studentavisa sitt samfunnsansvar.

– Studentane bør få møte si eiga målform i studentavisa, slår han fast, og meiner med det at nynorskdelen i studentavisa bør spegle nynorskdelen blant studentane.

– Alle universiteta har studentar i nordisk, der nynorsk er ein sentral del av studiet. Det er særleg viktig for desse å sjå at nynorsk vert brukt og er eit høgst levande språk.

Han trur at det å søkje aktivt etter fleire nynorskjournalistar kan vere ei løysing.

Nynorsk i trønderland
Etter ei opprekning kjem ansvarleg redaktør i studentavisa Under Dusken fram til at dei har sju nynorskbrukande journalistar i redaksjonen.

I den ferskaste utgåva av Under Dusken gjer det seg utslag i om lag tre firedelar av ei side med nynorsk tekst. Det er leiaren, ei konsertmelding og presentasjonen av avisa og redaksjonen på andresida – den er omsett frå førre utgåve.

I førre utgåve var prosenten likevel betre, då hadde dei ei nynorsk featuresak som gjekk over seks sider. Den var skriven av ein nynorskjournalist i samarbeid med ein journalist som til vanleg nyttar bokmål.

– Me har oppmoda nynorskbrukarar til å søkja og om å halde på målforma, fortel redaktør Inga Skogvold Rygg.

Ho trur at grunnen til at dei har ein høgare nynorskdel i redaksjonen enn dei andre studantavisene kan vere at Trondheim trekk til seg studentar frå heile landet.

– I tillegg kan det hende at fleire vert gira på å søkje når dei ser nynorske artiklar hjå oss. Så det kan hende det er ein god sirkel.

Likevel medgjev ho at nynorskdelen er lågare enn ho skulle ynskje.