Slutt på griseprat på fellesrom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vernepliktsundersøking frå 2010 viser at 20 prosent av alle kvinner i førstegongsteneste har opplevd seksuell trakassering. Kva skjer då når gutar og jenter må bu på same rom?

I staden for auka fokus på kjønn og seksualitet, bidrog fellesromma til å dempa tydinga av kjønn. Det viser ein ny rapport som Ulla-Britt Lilleaas og Dag Ellingsen har laga for Forsvarsdepartementet.

For rekruttane som hadde førstegongsteneste ved hæravdelinga i Nord-Noreg, var fellesrom så normalt at forskarane måtte pusha for å få dei til å snakka om det.

LES OGSÅ: Jublar for verneplikt for kvinner

‒ Det var ikkje rart for dei. Dei hadde gått inn i ein felles modus kor kjønnsstereotypiar forsvann, eller i kvart fall vart mindre tydelege. Det hjelpte med uniform i tillegg, det var ikkje så lett å sjå skilnad på dei, seier Lilleaas, ifølgje Forskning.no.

Fellesromma gav rom for å fokusera på det å vera i militæret, meinte ungdomane. Medan dei heime og på skulen ikkje var vener med kvarandre på grunn av all sjekkinga, måtte jentene og gutane her bli kompisar.

Gutane på sida si sette pris på at det var lettare å snakka om viktige ting og ikkje berre griseprat, når det var jenter på rommet.

Kontrasten er stor samanlikna med rekruttutdanninga i Sjøforsvaret der det er eigne jente- og guterom.

LES OGSÅ: Lise er bås på Noregs største krigsskip

Kjønn vart her ein stor forskjellsfaktor mellom rekruttane, og særleg dei reine jenteromma vart oppfatta som problematiske. Bitching, baksnakking og drama prega den såkalla jentekulturen.

‒ Det er noko med at det blir me og dei andre, me gutane mot dei jentene. Så lage ein stereotypiar om kvarandre. Det er desse mekanismane fellesromma er med på å bryta ned, seier Ellingsen.

Les fleire saker om Forsvaret her!