Forskarar for ein dag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var ein svært spennande dag. Den praktiske delen var kjempekjekk. Det vi gjorde passa bra med tema vi jobbar med på skulen. Vi har lært litt om teknikkane frå før, men å prøve korleis det var å bruke dei ulike maskinene var nyttig. No forstår eg det betre, seier Jessica Fiskaa.

I kvite frakkar og blå hanskar fekk biologielevane frå Volda verkeleg smake på kva som kan vente dei etter fullført vidaregåande skule.

Fulle klasser
Ved Høgskulen i Ålesund har dei registrert ein jamn straum av elevar som kjem frå Volda for å studere vidare i Ålesund. Noko av æra får Laboratorieveka som vart arrangert ved høgskulen denne veka. Til saman var 4–500 elevar innom.

– Biologi har vorte eit svært populært fag siste åra, og vi har fulle klasser, fortel lærar ved Volda vidaregåande, Olav S. Myklebust.

DNA-fingeravtrykk
I Ålesund fekk elevane prøve alt frå å kartlegge ulike bakteriegrupper, til å analysere blod og studere sine eigne celler. Tredjeklassingane var enno meir avanserte og utførte DNA-fingeravtrykk av eit ukjent dyr, som på biletet kunne vere i slektskap med alt frå mus til elefant eller dovendyr.

– Eg synest det var både gøy, lærerikt og spennande. Det er kjekt å gjere ting i praksis og ikkje berre lære om det i teorien. Vi får ikkje gjort så avanserte og tidkrevjande øvingar på skulen. Men eg lurer på om det dyret vi kartla slektskapen til var ekte? undrar Siri Stranden.

Alle elevane kom i alle fall fram til det same svaret; at dyret høyrer til i gruppa for smågnagarar.

Meirsmak
Turen til Ålesund inkluderte også ei valfri forelesing innanfor biologi, og elevane fekk også ein liten smakebit på studentmiljøet og dei ulike faga dei kan ta ved høgskulen. Eit evalueringsskjema elevane leverte i etterkant viste at turen heilt klart har gitt meirsmak. Det stadfestar Jessica Fiskaa.

– Det var kjekt å oppleve ei forelesing på ein høgskule. Eg fekk i grunnen litt lyst til å gå der, seier ho.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.


 
Forskarspirar i full fokus. F.v. Ida Sofie S. Håvik, Iben Charlotte Løseth og Jorun Hee Mathisen. Foto: Olav S. Myklebust