– Synd at kvinnedagen er så raud

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er kvinnedagen for raud?

I dag mobiliserer kvinnerørsla krefter over heile landet for å markere kvinnedagen. Ikkje alle dei ungdomspolitiske leiarane kjenner seg like heime i 8. marstoget.

– Kvinnedagen er ei moglegheit til å feire alt vi har oppnådd på jamstellingsfronten, men det er synd at dagen er farga så raud. Eg skulle ønskje 8. mars var politisk breiare, seier leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit.

Han får støtte frå Framstegpartiets Ungdom (FpU).

– Eg er heilt einig med Unge Venstre. Venstresida har gjort 8. mars til ein dag for å markere sosialistisk propaganda og politikk. På den måten har dei eksludert ein del grupper frå markeringa, seier sentralstyremedlem i FpU, Atle Simonsen.

Han meiner venstresida tek opp ein del tema som ikkje har noko med kvinnekamp å gjere.

– Debatten om norske soldatar i Afghanistan, konflikta i Israel og Palestina, og sekstimars arbeidsdag er døme på heilt andre debattar, som vi burde ha teke andre dagar, seier han.

LES OGSÅ: Blåblå likestilling

Den viktigaste saka for FpU er rettane til ei gruppe som ifølgje Simonsen er oversett.

– Minoritetskvinner er blant dei minst frie i vårt samfunn. Saker som både tvangsekteskap og omskjering burde fått større fokus på 8. mars, meiner han.

– Den viktigaste saka for meg må vere at alle kvinner skal ha rett til utdanning, uansett kvar dei bur. Når kvinner får utdanning har det betre effekt enn for menn, seier Hustveit i Unge Venstre.

Hentar fram parolane frå 70-talet
Leiar i Sosialistisk Ungdom (SU), Andreas Halse (biletet), meiner Hustveit og Simonsen har følgt dårleg med i historietimen.

– Dersom dei meiner at 8. mars har blitt ein dag for venstresida, overser dei at det var arbeidarrørsla som byrja å markere kvinnedagen. Utover det vil eg ønskje alle hjarteleg velkomne til å delta på ulike arrangement eller gå under ei av dei veldig mange parolane i toget, seier Halse.

Leiar i AUF, Eskil Pedersen, meiner det er venstresida som har størst tillit på jamstellingsområdet.

– Høgresida har vore imot mange av dei tiltaka som har gjort Noreg til eit av verdas mest likestilte land. Hadde dei stått for det same som venstresida hadde alle hatt like stor eigarskap til 8. mars. At venstresida har suverent mest tillit på dette området skuldast at vi har ein politikk folk ser bidreg til meir jamstelling. 8. mars er ikkje først og fremst ein dag der vi hyllar kvinna. Det er ein politisk dag der vi fremjer krav om betre politikk. Når høgresida er imot desse forslaga så er det deira eige val, seier Pedersen. 

LES OGSÅ: Musikklivet er påfallande mannsdominert

Halse i SU oppmodar folk til å samle seg bak parolen mot reservasjonsrett. Han fortel at engasjementet er større enn på lenge i år, grunna regjeringa sitt forslag om at fastlegane skal kunne reservere seg mot å vise til abort.

– Diverre er det i år ei gamal sak som er den viktigaste for meg, nemleg å seie nei til reservasjonsretten. Mange SU-arar har vore i foreldra sine skap og henta fram gamle parolar frå 70-talet. Eg har òg høyrt mange seie at dei ikkje pleier å gå i 8. marstog, men at dei i år vil gå, seier SU-leiaren.

LES OGSÅ: Kommune-nei til reservasjonslegar

SU vil ifølgje Halse vere godt representert i toget.

– Vi har mobilisert mange SU-arar til årets tog. 8. mars er både ein viktig historisk dag for å feire likestillingssigrar og ein dag for å ta dei kampane som trengst. Regjeringa sitt forslag syner at ingen kampar er vunne ein gong for alle, seier han.

Også for Eskil Pedersen er reservasjonsretten den viktigaste saka i år.

– Det engasjerer mange, og alt tyder på rekordoppmøte i 8. marstoga, fordi mange no ser at vi har fått ei regjering som tek jamstellinga i gal retning, seier Pedersen, som skal gå i Oslo saman med heile AUFs landsstyre.

– 8. mars betyr noko for alle som trur på verdien av like rettar for kvinner og menn. Eg har gått i tog mange gongar, fordi vi framleis har ein veg å gå her i Noreg. Men 8. mars er også ein dag der vi kan rette blikket utover landegrensene i solidaritet med kvinner som opplever grov undertrykking kvar dag. Difor er 8. mars framleis ein aktuell og viktig dag, seier han.

Mot skjønneheitstyranni
Også leiar i Raud Ungom (RU) Seher Aydar seier at reservasjonsretten kjem til å bli ei viktig sak under årets kvinnedag.

– Dette er ei sak som har blitt aktuelt på ny. Eg kjem personleg til å stille meg bak parolen mot skjønnheitstyranniet. Dette er noko som vedkjem unge jenter og som vi må gjere noko med, seier ho.

RU-leiaren meiner kvinnedagen er blant dei viktigaste dagane vi har.

– 8. mars er eit viktig verkty for å løfte fram kvinnepolitiske saker. Det er ein dag som handlar om solidaritet og frigjering, både i Noreg og i verda, seier ho.

– Ein kan sjølv ta eigarskap over 8. mars
Talsperson for Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl, er ikkje så oppteken av kva dei andre ungdomspartia vel å gjere på 8. mars.

– Kvinnedagen treng ikkje å vere knytt til politiske sider. Ein kan ta eigarskap over dagen sjølv om ein ikkje er raud, og bruke dagen til å fremje saker ein tykkjer er viktige. I Grøn Ungdom er vi til dømes opptekne av at klimakamp også er kvinnekamp, fordi vi ser at det er kvinner og born som vert hardast råka av klimaendringar i fattige land, seier Dahl.

LES OGSÅ: – Kvinner må delta i leiarposisjonar

Ho har ikkje høve til å gå i 8. marstoget, men skal feire dagen på Grøn Ungdoms landsmøte. Også Dahl meiner reservasjonsretten er blant dei viktigaste sakene i år.

– Det er synd dersom vi skal flytte diskusjonen tilbake dit den var før abortlova, og eg opplever kampen mot reservasjonsretten som den mest prekære i år, seier ho.

Vil løfte blikket
Moderpartiet til Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) har fått mykje kritikk etter forslaget om reservasjonsretten. Leiar i KrFU, Emil André Erstad, er ikkje sikker på om han får tid til å gå i 8. marstog. Han er likevel klår på at Kvinnedagen er viktig.

– For meg er det viktig å heile tida ha eit fokus på korleis kvinners kår over heile verda kan bli betre. 8. mars bidreg til å setje fokus på kvinnesak og det er veldig positivt. Samstundes har vi ein tendens til å verte litt for navlebeskuande. Vi må ikkje gløyme å løfte blikket mot verda, seier KrFU-leiaren.

LES OGSÅ: Litt ærlegare enn ein tør

– Eg tykkjer det er viktig å ha eit globalt perspektiv på kvinnesak. Mange stader i verda er det slik at nokre av dei farlegaste orda ei mor kan få høyre er «It´s a girl». Jenteborn er ikkje ønska, og det er etter mitt syn eit av dei største problema. Kvinner er løysinga på mange utfordringar, til dømes knytt til demokrati, menneskerettar og utvikling. Den viktigaste kvinnesaka for meg er difor at dei orda ikkje skal vere dei farlegaste ei mor kan høyre, seier Erstad.

 

Faktaboks

Fakta om kvinnedagen:

8. mars 1908 troppar amerikanske sosialistar saman til eit massemøte for røysterett for kvinner i New York. I 1910 føresler den tyske sosialdemokraten Clara Zetkin innstiftinga av ein internasjonale kvinnedag. På 20-talet sluttar Det Norske Arbeiderparti seg til dagen og feirer med møter, føredrag og underhaldning.

I 1972 tek nye kvinnegrupper opp feiringa av Kvinnedagen i Noreg. Iniativet til den første markeringa vert teke av Kvinnefronten i Oslo, som inviterer andre kvinneorganisasjonar til å delta. I 1975, som var det internasjonale kvinneåret, erklærer FN 8. mars som internasjonal kvinnedag.

Kjelde: Kampdager.no.