− Noreg må ta tøffe klimagrep

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik kan Noreg klara klimamål

Klimagassutsleppa i Noreg må kuttast kraftig og raskt dersom me skal nå målet for reduksjon av innanlandske klimagassutslepp i 2020. Sidan 2007 er det sett i gang mange klimatiltak som reduserer utsleppa, men gapet mellom forventa utslepp og mål for reduksjonar i 2020 er framleis stort.

Miljødirektoratet har estimert effekten av klimagassutsleppa i 2020 for klimatiltak og verkemiddel som allereie er sett i gang, og vurdert avstand mellom dagens utsleppsforventning og det nasjonale målet. Dei har òg sett på moglege tiltak som kan setjast i verk raskt for å tetta dette gapet. Gjennomgangen er gjort på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Mykje er gjort
I klimaforliket frå 2007 vart eit fleirtal av partia på Stortinget samde om å redusera Noregs klimagassutslepp med 30 prosent i tilhøve til 1990, der om lag to tredelar skal reduserast i Noreg.

Sidan 2007 er det sett i gang ei rekkje klimatiltak og verkemiddel som bidreg til reduserte klimagassutslepp. Rapporten til Miljødirektoratet viser at desse tiltaka vil redusera utsleppa med mellom 5,3 og 6,1 millionar tonn i 2020.

Tiltaka med størst effekt på klimagassutsleppa har vore omlegging av bilavgifta, nye EU-standardar på personbilar, reduksjon av oljeforbruk i bygningar og industri, og dessutan teknologitiltak i gjødselproduksjon.

LES OGSÅ: Klimapanelet: – Vil gje gigantkostnader

Mogleg å tetta gapet
Men dette er ikkje nok. Ifølgje Miljødirektoratet vil det vera eit gap på åtte millionar tonn utslepp av klimagassar i 2020

− Teknisk sett er det mogleg å nå det nasjonale målet om reduksjon i klimagassutsleppa innan 2020, men det blir krevjande, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Miljødirektoratet har gått gjennom sektor for sektor og vurdert ei rekkje moglege klimatiltak som kan setjast i gang fram mot 2020.

Til saman vil tiltaka i dei ulike sektorane kunne bidra til å redusera klimagassutsleppa med mellom 4,9-8,4 millionar tonn i 2020. Viktige tiltak vil vera auka overgang til meir drivstoffgjerrige bilar og til el- og hybridbilar. I tillegg må veksten i persontransport i storbyane takast med kollektivtransport, sykkel og gange. Òg auka bruk av biodrivstoff framfor fossile drivstoff kan bidra mykje.

LES OGSÅ: – Køyrer oss rett i grøfta på vandalveg

Miljødirektoratet har lagt til grunn at minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst og -lagring blir realisert i Noreg innan 2020 og at nye utbyggingar offshore får kraft frå land.

− Skal me nå åtte millionar CO2, må store delar av dei nye prosjekta i Nordsjøen elektrifiserast. Det er nødvendig med tiltak i alle sektorar. Viss me skal klara å kutta åtte millionar tonn må nesten heile liste vår over mulege kutt på 8,4 millionar tonn utløysast, og då kjem ein ikkje utanom omfattande elektrifisering offshore, seier Hambro til VG Nett.

Erstatning av olje som varmekjelde i bygg med fjernvarme og fornybar energi, vil òg bidra til å tetta gapet.

Av samla potensial på 4,9 -8,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar, ligg fleire millionar tonn allereie på "teiknebrettet" som mål og føringar nedfelt i klimamelding, klimaforlik med meir. Miljødirektoratet har rekna at vil utgjera 3,7–6,3 millionar tonn.

− For å utløysa heile det samla potensialet for reduksjonar i klimagassutslepp, er det behov for fleire og sterkare verkemiddel, seier miljødirektør Ellen Hambro.

QUIZ:Ta den store klimaquizen!

Tiltak på lengre sikt
Behovet for å utvikla ein ny klimapolitikk mot 2020, må sjåast i samanheng med målet om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

− Nokre tiltak vil ha liten effekt på klimagassutsleppa fram til 2020, men bør prioriterast likevel fordi dei vil vera viktige på lengre sikt, meiner Ellen Hambro.

Det er viktig å tenkja både på kort og lang sikt.

– Me må redusera klimagassutsleppa fram mot 2020 og samstundes starta den langsiktige omstilling mot eit lågutsleppssamfunn, fortel Ellen Hambro.

I Noreg slepp me i gjennomsnitt ut ti tonn klimagassar per person. Innan 2050 må utslippene globalt truleg ned til gjennomsnittleg to tonn per person.

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Faktaboks

Døme på tiltak:
Utbygging av infrastruktur for jarnbane for å auke kapasiteten for både person- og godstransport.
Tilrettelegging for meir sykkel og gange.
Tiltak for å auke opptak av karbon i skog.
Tiltak som bidreg til omstrukturering.
Utvikling av lågutsleppsteknologiar, blant anna i industrien.