FN: – Vil gje gigantkostnader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil gje gigantkostnader

Sviktande avlingar som følgje av klimaforandringane kan føra til eit fall på opp mot 2 prosent i det samla BNP i verda innan år 2100, meiner FNs klimapanel (IPCC).

Det kjem fram i utkastet til den neste rapporten frå klimapanelet, ifølgje japanske media. Rapporten skal leggjast fram etter møtet til klimapanelet i Japan i mars.

Store summar
Reknestykket er slik: Nye nedbørsmønster og meir tørke, i tillegg til ein temperaturauke på 2,5 grader, vil føra til opp mot 2 prosent lågare jordbruksproduksjon kvart tiår.

Det vil føre til eit fall i det samla bruttonasjonalproduktet på mellom 0,2 og 2 prosent innan år 2100, ifølgje rapporten. Det svarar til økonomiske tap på mellom 890 milliardar og 8800 milliardar kroner, sett i forhold til dei samla bruttonasjonalprodukta i verda i 2012, fortel den japanske avisa Yomiuri Shimbun.

Klimapanelet reknar med at etterspurnaden etter mat vil auka med 14 prosent fram til 2100.

LES OGSÅ: FN: 2013 det sjette varmaste året

– Ein vekkjar
– Rapporten er ein vekkjar for heile verda. Menneskeætta er i ei høgrisikosone. No må regjeringane i verda handla og bli samde om ein avtale i 2015 for å koma ut av den sona, seier FNs klimasjef Christiana Figueres.

I utkastet til rapporten står det også at klimaforandringane vil tvinga fleire hundre millionar menneske til å flytta frå kystnære strøk på grunn av høgare vasstand. Dei mest utsette områda ligg i Aust-, Sør- og Sør-Aust-Asia, ifølgje rapporten.

Rapporten skal ferdigstillast under møtet til klimapanelet i Yokohama frå 25. til 29. mars. Panelet har tidlegare slege fast at klimaforandringane er menneskeskapte, og rekna ut at dei vil føre til ein temperaturauke på mellom 0,3 og 4,8 grader dette hundreåret. (©NPK)

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!