Noreg kan produsere meir grønt sjølv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan produsere meir grønt sjøl

Ikkje minst når det gjeld etterspurnaden av bær. Det meiner ei arbeidsgruppe som har vurdert ei eventuell innføring av nye tilskot i denne sektoren. I dag er importen av frukt og grønt større enn eigenproduksjonen vår, går det fram av rapporten som arbeidsgruppa no har levert.

LES OGSÅ: Senkar blodtrykket

Arbeidsgruppa vart initiert gjennom jordbruksavtalen og har vore sett saman av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Gruppa hadde for det meste delte oppfatningar om dei tilskotsordningane dei har sett på.

LES OGSÅ: Kjøt kan vera like dødeleg som røyking

På eitt punkt var likevel gruppa meir samstemt: Frakttilskot på frukt, bær og grønsaker har ikkje så mykje for seg, meiner dei.

Elles var gruppa delt i synet på å innføre tilskot til produsenteigde pakkeri og eit eige distrikts- og kvalitetstilskot for industribær i tillegg til det distrikts- og kvalitetstilskotet som allereie finst for bær. Mens bonderepresentantane ønskjer seg slike tilskot, var representantane frå departementet generelt skeptiske til å innføre nye tilskotsordningar. Dei viser til ønsket regjeringa har om å forenkle verkemidla og redusere byråkratiet i landbruket. 

LES OGSÅ: Mindre enn 40 prosent av maten vår er norsk