Helsedirektoratet: Slutt å sitje stille

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Både her til lands og internasjonalt har vi fått auga opp for den store, sjølvstendige helserisikofaktoren stillesitjing er, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet, som onsdag la fram nye norske anbefalingar om kosthald, ernæring og fysisk aktivitet.

Han meiner helsepersonell, arbeidsgivarar og befolkninga elles må gjerast kjente med risikoen – som gjeld både barn, ungdom, vaksne og eldre.

LES OGSÅ: Elevane sit meir stille

Treng 150 minutt
– Regelmessig fysisk aktivitet to-tre gonger i veka veg ikkje opp for risikoen det medfører å sitje store delar av dagen, seier Klepp.

Helsestyresmaktene anbefaler samtidig vaksne å vere i moderat fysisk aktivitet minst 30 minutt fem dagar i veka, altså totalt minst 150 minutt i veka.

– Mange trur ein må trene for å få helsegevinst, men allereie ved lågare nivå av fysisk aktivitet ser vi stor effekt. Det er dokumentasjon for at 150 minutt moderat aktivitet i veka reduserer risikoen for sjukdommar som følgje av ein inaktiv livsstil, seier avdelingsdirektøren. (©NPK)

LES OGSÅ: Fem millionar sofagrisar døyr kvart år