Litt ærlegare enn ein tør

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ønskte å vere med å bryte ned kvinnenorma, seier kvinna bak bloggen Uperfekte jenter, Elise Lystad.

 – På nett får ein tilgang til ei blomstereng av ulike identitetar, seier leiar i Skeiv Ungdom, Line Halvorsrud.

Under Røde Kors og Trygg Bruks konferanse om seksualitet og unge på nett i februar, snakka dei begge om korleis nettet kan vere med å bryte normer i samfunnet.

Aldri flinke nok
– På Uperfekte jenter prøvde eg å vere litt ærlegare enn eg eigentleg tør, men det er vanskeleg å vere ærleg heile tida. Somme gonger kjenner ein seg veldig blottlagt, fortalde Elise Lystad under konferansen.

Elise har alltid vore ressurssterk, men det kom ein periode då det ikkje lenger var så lett å komme seg opp av senga.

LES OGSÅ:Klitoris er toppen av eit isfjell

– Jentenorma er veldig trong. Ein må barbere seg under armane og på beina, gå riktig kledd og sminke seg for å passe inn. Eg tenkte mykje på om andre var betre enn meg. Og eg er ikkje åleine. Fleire enn nokon gong går på antidepressiva eller har eteforstyrringar. Det seier noko. Vi er aldri flinke nok, aldri pene nok. Det er ein utmattande tanke, seier Lystad.

Ho fekk nok og bestemte seg for å vise fram den ho er, sjølv om det ikkje alltid er like pent.

– Målet mitt er å bryte med norma, og eg starta bloggen som eit alternativ til den skinnande overflata mange bloggarar presenterer.

LES OGSÅ: – Eg tykkjer hin er vakrare

Uperfekte jenter gjorde ho nettopp det. Ho synte fram magen for å kritisere korleis media tener pengar på jenters utryggleik. Ho skreiv med store bokstavar om ikkje å ane kva ein skal gjere med livet sitt og om å skamme seg over å ikkje ha ei god jul. Ho la ut bilete av seg sjølv med sminke, utan sminke, med hår under armane, glad, trist og sur. Om lag slik det eigentleg er.

– Det var vanskeleg. Eg vil jo sjølvsagt at andre skal tykkje at eg er pen og vellukka. Og eg kan kjenne at eg er ein del av norma, sjølv om eg prøver å stå imot. Men det er stor skilnad på sosiale medium og røynda, og det er lett å gløyme at andre strever like mykje som ein sjølv.

Elise Lystad tok i slutten av januar farvel med lesarane sine på bloggen. Det valde ho å gjere i eit ærleg avslutningsinnlegg.

Nettet kan vere ein livreddar
Trans, bifil, homofil, transkjønna, lesbisk, skeiv, straight, cis, queer, jente, gut, hetero, aseksuell, polyamorøs. Line Halvorsrud frå Skeiv Ungdom si liste over ulike kjønnsidentitetar og legningar tek ikkje slutt så fort. I Skeiv Ungdom arbeider hen* med ungdom som ikkje passar inn i normane for jenter og gutar.

– Noko av det første ungdom gjer når dei kjenner at noko ikkje stemmer, er å google. På nett finn ein mykje informasjon om seksualitet, frå porno til opplysning av ulik kvalitet, sa Halvorsrud under konferansen.

LES OGSÅ:– Musikklivet er påfallande mannsdominert

For skeiv ungdom kan nettet vere ein arena for å finne fellesskap og ord. Her finst ei blomstereng av identitetar, ifølgje Halvorsrud. 

– På nett finne eit fellesskap som er svært viktig for mange unge. Der er andre som er på same stad som ein sjølv, og som ein kan relatere til. Samstundes kan det vere smart å snakke med nokon som har lang erfaring og har reflektert rundt problemstillingar lenge. Dersom ein berre snakkar med andre unge på nett, kan ein miste noko av den tryggleiken.

Normer i minoritetsmiljø
Det er ikkje berre normane i storsamfunnet Halvorsrud utfordrar. Hen vil også snakke om normer i minoritetsmiljøa.

– Mange av identitetane er ikkje synlege, korkje i media eller innad i den skeive rørsla. På nokre måtar kan normene i minoritetsmiljøa bli endå sterkare enn normene i storsamfunnet. Der finst til dømes normer om korleis det er greitt å vere homo og korleis ein helst ikkje bør vere homo. Å vere homofil eller lesbisk, er hovudsakleg ganske ålreit i vårt samfunn. Andre identitetar vert sett på som rarare og dei kan ein omtrent berre finne på nett. Dersom ein bryt vår eiga norm, bryt ein på måte med gjengen, forklarar Halvorsrud.

Hen meiner vi må leggje av oss haldninga om å tolerere andre.

– Å tolerere tyder å tole på tross av. Det er som at ein treng eit godkjentstempel frå storsamfunnet, seier hen.

*«Hen» er eit kjønnsnøytralt pronomen som Halvorsrud ønskjer brukt om seg, heller enn «ho» eller «han».

LES OGSÅ: Kven av desse er verst?

 – På nett kan ein finne ei blomstereng av identitetar, seier Line Halvorsrud, som er leiar i Skeiv Ungdom. Foto: Pressefoto.