– Eg tykkjer hin er vakrare

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg likar nynorsk betre enn bokmål fordi det er veldig direkte og det er meir kraft i det. Det er lettare å finne orda som passar til kjenslene, forklarar bokaktuelle Daniel Bolstad Fløde (19).

Hin er den einaste av dei 16 unge lyrikarane i diktboka Fra spirer til spor, som skriv nynorsk.

LES OGSÅ: Inderleg debutant

Lausrivinga
Eit av dei publiserte dikta, med tittelen Lausriving, vart til på kort tid då Daniel slutta på dramalina i tredje klasse på vidaregåande. Då følte hin seg heilt uovervinneleg, og skreiv eit kort dikt på rim.

– Eg tykkjer rim er ein fin måte å rame inn tankane på. Utan rim vert det meir kaotisk. Så ser det veldig kult ut.

At diktet var på nynorsk var noko av det første som gjorde at det skilte seg ut mellom dei rundt 90 innsendte bidraga.

– I tillegg er det fine dikt som får deg til å tenkje, skriv forlagsredaktør Anette Sivertstøl i ein e-post.

To av dei nitten dikta som no er utgjeve på Panthera forlag er signert Daniel Bolstad Fløde. Forlaget satsar på unge skrivetalent opp til 23 år.

– Eg vert inspirert til å skrive fleire dikt, og gje ut ei eiga diktsamling. Men det eg likar best er historieforteljing, seier den unge forfattarspira.

LES OGSÅ: Transformatoren

 Lettare å finne orda 
Overraskande nok kjem dei einaste nynorske dikta i boka frå Horten. Då Daniel gjekk i sjuande klasse leste hin diktet til ei venninne på nynorsk. Det fekk han til å ville lære målforma. Diverre gjekk han på ungdomsskulen i ein klasse som hadde fritak.

Den første stilen hin skreiv på nynorsk var full av raude strekar. Då tok Daniel grep og byrja å konsekvent skrive nynorsk overalt. Det hadde god effekt. Daniel vart god, og byrja å like det.

– Mellom dei skrivande venene mine er det populært med nynorsk. I tillegg var eg ei stund medlem i Raud Ungdom. Der er nynorsk veldig kult, fortel Daniel, og legg til:

– Favorittordet mitt er lutlag. Eg elskar det ordet. Eg tykkjer ordet dreg av slipset på fenomenet aksjeselskap, det får det til å høyres veldig teit ut.

LES OGSÅ: – Nye nynorskpoetar har noko å seia

Inkassosjefen
Det hender hin skriv bokmål dersom historia handlar om ein bokmålsperson. Ein som snakkar tilnærma riksmål.

Inkassosjefen, som er ein gjengangar i Daniel sine dikt, er ein slik. Men når historia vert fortalt i tredjeperson, er det eg – ikkje jeg.

Men kvifor hin?

– Eg veit at Skeiv ungdom går inn for hen. Det er eigentleg berre ein grammatisk ueinigheit. Eg tykkjer hin er vakrare.

Daniel definerer seg som queer, det passar best til korleis han tenkjer.

– Det er noko innanfor translandskapet. Det er ein person som har mange bein i mange kjønnsroller, forklarar Daniel.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Ingen skåp
Fordi hin ikkje definerer seg ut ifrå det eine eller det andre kjønnet vert det ikkje naturleg for hin å snakke om legning. Difor var det rart då folk på ungdomsskulen kalla Daniel modig som stod fram som bifil. Hin kom berre med ein kjærast av eit anna kjønn enn det hin hadde hatt før.

– Eg har aldri vore inni noko skåp. Det er eit fenomen eg ikkje kjenner heilt.

Likevel er det eit emne som stadig går att i tekstane hins. Ein av favorittkarakterane er djupt inni skåpet. Ein homofob, som eigentleg er homofil.

Daniel beskriv tekstane sine som mørke med litt svart humor.

– Eg skriv mørke historier med lys i, fordi lyset då vert tydlegare. Det er mykje tunnell med eit klart fokus på det vesle lyset i enden.

Hin prøver å skrive kvar dag. Men det er vanskeleg, fordi hin har vorte meir kritisk til eigne tekstar i det siste.

– Å skrive er grunnen til at eg finst, dersom eg ikkje skriv er det lite grunn til at eg finst, seier hin, som for tida arbeider med ein julekalender.  Eit kapittel til dagen skal publiserast på bloggen Syndige jul. Dette er sjette året med forteljande julekalender for Daniel. Tidlegare har adventsforteljingane vorte skrivne på bokmål, men i år er det ein tvist – nynorsk.

Saka var først publisert i Magasinett.