Sjølv om oljefondet skulle investere i infrastruktur i utlandet, understrekar Frp-leiar og finansminister Siv Jensen at vegutbygging i Noreg er prioritet nummer éin.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Ja, det skal det ikkje herske tvil om. Vi satsar først og fremst på å få opp veginvesteringane i Noreg. Kva Statens pensjonsfond utland (SPU) skal investere i i framtida, må vi bruke lang tid på å greie ut, seier Jensen til VG.

Laurdag sa SPU-sjef Yngve Slyngstad og Noregs Bank-sjef Øystein Olsen til same avis at det neste området oljefondet ligg an til å gå inn i, er investeringar i vegar, jarnbane og flyplassar i utlandet.

Olsen la ikkje skjul på at han reknar med at dette kjem til å vekkje debatt i Noreg, ettersom mange meiner ein større del av oljepengane burde brukast på investeringar i vegar og infrastruktur her heime.

Siv Jensen understrekar at det ikkje er nytt at ein for å spreie risiko ser på moglegheita for å utvide føremåla oljefondet skal investere i. Ho understrekar samtidig at eit infrastrukturfond er i ferd med å bli bygd opp, blant anna med pengar frå oljefondet.

– Det er oppe i 30 milliardar kroner allereie og skal etter kvart opp i 100 milliardar kroner, seier ho. (©NPK)

LES SISTE OM POLITIKK HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE