Høgskulen i Sogn og Fjordane siktar inn mot si største satsing innan fornybar energi sidan starten på faget i 2008.

Sigrid Svartefoss, Sogn Avis
Sigrid Svartefoss, Sogn Avis

Budsjettet er på 25 millionar kroner og HiSF søkjer Norges Forskningsråd om 16,5 millionar kroner.

– Prosjektet vårt er viktig då me står framfor ein monaleg auke i produksjonen av fornybar energi i åra som kjem, seier Erling Holden, professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Hard konkurranse
Han legg ikkje skjul på at det vert ein knallhard konkurranse med 60–70 prosjekta frå dei andre høgskulane.

– Fylket er eit godt laboratorium for denne forskinga, som skal gje oss kunnskap som ikkje berre gjeld regionen vår. Ambisjonane våre er å overføra det til både nasjonalt og internasjonalt, seier Holden.

LES OGSÅ:Prioriterer petroleumsforsking

Lokale ringverknader
Sogn og Fjordane Energi, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune er viktige støttespelarar og skyt inn 4,2 millionar og Høgskulen med fem millionar kroner.

– Å få ekstern støtte frå private og offentlege til forskingsprosjektet er med og aukar sjansane våre, samstundes er det utruleg motiverande å få lokal velvilje, seier Holden.

Forskingsprosjektet vil vera viktig for at HiSF skal halda på posisjonen som eit viktig kompetansemiljø innan fornybar energi i Norege. Prosjektet vil òg styrkja undervisninga på bachelorprogram i fornybar energi.

LES OGSÅ:Ungdom vil jobbe med fornybar energi

Naturleg
Professor Erling Holden meiner fylket er eit naturleg utgangspunkt for slik forsking, og legg vekt på at dei ikkje berre skal sjå på dei positive ringverknadene.

– Sogn og Fjordane har 10 prosent av den eksisterande kraftproduksjonen i Noreg, og i tillegg eitt av fem planlagde kraftprosjekt i landet. Dette skaper monalege verdiar for eigarar og lokalsamfunn i fylket, men fører samstundes med seg miljømessige og sosiale konsekvensar. Ta berre kor ekstremt arealkrevjande det er å byggja anlegg for fornybar energi. Det er mellom anna denne balansen me ynskjer å forska nærmare på, seier Holden.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE