Mindre enn 40 prosent av maten vår er norsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alarmerande lite norsk mat

Det er den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår, ifølgje rapporten «Utviklingen i norsk kosthold» frå Helsedirektoratet.

Direktoratet viser til at utviklinga berre har gått ein veg dei siste åra, og at nedgangen i fjor hovudsakleg hadde samanheng med mindre norskprodusert matkorn, noko som kom av dårlege avlingar og kvalitet, skriv Nationen.

Rapporten seier ingenting om kor mykje sjølvforsyningsgraden hadde gått ned dersom import av råvarer til fiskefôr, som er på over 80 prosent, hadde blitt teke med i utgreiingane.

LES OGSÅ: Ønskjer forsking på landbrukspolitikk

Næringspolitisk talsperson i Kristeleg Folkeparti Line Henriette Hjemdal meiner at landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) må ta grep.

– Dette er alarmerande og stikk i strid med intensjonane til Stortinget. Det viser heilt tydeleg at vi må ta heile landet i bruk og alle tilgjengelege ressursar for å auka matproduksjonen på norske ressursar. Eg ventar at statsråden tek desse tala på alvor og at vi saman tek dei nødvendige grepa for auka matproduksjon, seier Hjemdal.

Listhaug ønskjer ikkje å kommentera saka, men viser til at målet til regjeringa er å oppnå ein høgast mogleg sjølvforsyningsgrad av mat ut frå beredskapsomsyn. Landbrukspolitikken skal medverka til auka matproduksjon, slår ho fast.

LES OGSÅ: – Listhaugs politikk trugar mattryggleiken