Ønskjer forsking på ny landbrukspolitikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mogleg vi har forsømt oss

Under Bioforskkonferansen tidlegare denne veka tok Sponheim til orde for langt meir forsking på konsekvensane av ein alternativ landbrukspolitikk, skriv Nationen.

Sponheim trur effekten av å føre ein alternativ landbrukspolitikk vil variere kraftig etter kva måte ein vel å gjere ting på.

– Utfordringa i dag er at vi ikkje har ein ståande kunnskapsbase om kva som skjer om ein gjer større endringar i landbrukspolitikken. Der kan det hende vi har forsømt oss. Det skulle ha blitt forska langt meir på alternativ politikk. Då kunne ein visst at om ein gjorde slik og slik, så kunne ein likevel klare å ta vare på mykje av det vi har i dag. Slik det er i dag, utan denne kunnskapsbasen, er eg redd vi mistar for mykje, seier Sponheim.

Sponheim som i dag er fylkesmann i Hordaland, seier han trur det er mogleg å gjere mykje annleis, utan at alt blir rasert. Det er mangel på forsking som er det store problemet, meiner han.

– Ei av dei største utfordringane for landbruket er å drive i det dyraste landet i verda. Spørsmålet er korleis ein tek ned kostnadsbasen. I dag ville det vore dramatisk om landbruket skulle tilpasse seg lågare tollnivå raskt, seier han. (©NPK)