Nynorskstoffet på nettsidene til NRK har halde seg stabilt på 16 prosent dei siste tre åra. Leiaren i Kringkastingsringen er ikkje nøgd med det.

NPK
NPK

NRK som heilskap er no også under kravet om 25 prosent nynorsk. Berre tre av åtte NRK-kanalar oppfylte kravet om 25 prosent nynorsk i fjor.

LES OGSÅ: Jævla mykje banning i NRK

Går på viljen
– Det er særleg skuffande at NRK ligg så dårleg an på nett, der det kanskje er enklast å oppfylle kravet. Journalistar har lært både bokmål og nynorsk på skulen, og ein skrivande journalist har alle hjelpemiddel tilgjengelege når ho eller han skal skrive ei sak. Dette dreier seg berre om vilje, meiner Inger Størseth Haarr, leiar i Kringkastingsringen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Nedgang for Super
Ho fortel at dei særleg er opptekne av NRK sin kanal for barn og unge.

– Eg synest særleg det er viktig å følge med på NRK Super. For barn og unge er det viktig å få høyre eit mangfald av dialektar, og vi veit at det vert lettare for ungane å lære nynorsk på skulen når dei har møtt språket tidleg. At NRK Super går ned frå 25 til 22 prosent er derfor skuffande, seier Haarr.

Ho legg til at andre omsyn kan vega opp for prosentvis nedgang. Til dømes seier ikkje tala noko om sendetid. NRK Super hevdar sjølv at fleire program med nynorsk og dialektar no går i «prime time», medan det har vorte mindre nynorsk teksting av utanlandske føremiddagsseriar.

– Viss dette stemmer, er det positivt, men det kan ikkje vere enten eller. Ein må vise nynorsken når ungane faktisk ser på, men i tillegg må NRK Super minst greie 25-prosenten, seier Haarr.

LES OGSÅ: Målrørsla jublar for NRK Super

NRK.no må etter
Ho trekkjer likevel fram NRK Super som eit førebilete.

– Sjølv om vi er skuffa over nedgangen i NRK Super, har kanalen gjennom dei siste åra vist at det er mogleg å auke delen dialekt og nynorsk, viss viljen er på plass. No må nrk.no kome etter, meiner ho.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga og i media elles. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE