Målrørsla jublar for NRK Super

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje nynorsk hadde NRK

– Vi gler oss særleg over den enorme nynorskveksten i NRK Super. Sidan 2010 har dei nær tredobla nynorskdelen sin, seier Inger Størseth Haarr, nyvald leiar for Kringkastingsringen, i ei felles pressemelding frå Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

– NRK Super viser at det er fullt mogleg å nå kravet om 25 prosent nynorsk. Kanalen tek borns språkglede på alvor og forstår at borna tener på å møte meir – ikkje mindre – språk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Språkmangfald på barne-TV er særs viktig. Å sjå og høyre meir nynorsk i ung alder, motverkar fordommar og gjer det lettare å lære nynorsk på skulen, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

LES OGSÅ: Skjermtid firedobla frå 11 til 16 år

I rapporten kjem det fram at NRK har i 2012 hatt ein klar auke i bruken av nynorsk og dialekt. Hovudkanalen NRK P1 har auka nynorskprosenten frå 25 til 30 prosent medan både NRK2 og NRK Super no har nådd målet om 25 prosent nynorsk. NRK P2 når ikkje målet, men er godt på veg og auka nynorskinnslaget frå 15 til 21 prosent. P3 auka nynorskprosenten frå 19 til 22 prosent. NRK.no hadde 16 prosent nynorsk, same tal som året før. Også for NRK 3 held talet seg stabilt. Her er nynorskdelen 19 prosent.

Leiarane i dei tre målorganisasjonane håpar at NRK Super saman med NRK2 og NRK P1 kan vere til inspirasjon for dei andre NRK-kanalane.

– Fem av åtte NRK-kanalar auka nynorskdelen sin i fjor, og dei tre siste heldt nivået frå 2011. Held denne utviklinga fram, kan NRK feire Språkåret 2013 med å nå målet om 25 prosent nynorsk i alle kanalar. Vi gler oss! lyder den felles oppmodinga frå Haarr, Øvregård og Sture. (©NPK)