Jævla mykje banning i NRK

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksplosjon i banning

Det har vore eit ras av klager på banning og dårleg språkbruk i NRK. No skal bannskapen opp i Kringkastingsrådet torsdag.

Ruth Vatvedt Fjeld, professor og prorektor ved Universitetet i Oslo, har undersøkt bruken av enkelte banneord i tvtekstinga på NRK i 2007-2010, og samanlikna korleis det stod til i 1998-2001. Bruken av “faen” og “satan” er blitt meir enn femdobla i perioden. Bruk av fornedrande uttrykk “drit” har auka med 235 prosent.

– Det er ikkje rett å seia at det er blitt meir banning, men at dei uttrykka som før blei sett på som sterke tabubrot, ikke lenger har den funksjonen. Kva ord ein har brukt til å banna med, har heile tida vore i endring. Problemet er at endringa går i forskjellig takt i forskjellige miljø og på forskjellige stader. Det er få klager frå urbane strok, og dei som klagar tilhøyrer stort sett visse sosiale lag eller spesielle miljø, seier Fjeld til Framtida.no.

– Slik har det sikkert alltid vore og slik kjem det alltid til å vera. Men vi har jo ikkje alltid hatt offentlege talerøyr, slik NRK er, og då blir dei forskjellige bannevanane så mykje meir tydelege, legg ho til.

I undersøkinga har ho tilfeldig vald ut ein viss mengde tvteksting frå NRK og samanlikna kor mange gonger enkelte ord blir brukt.

LES OGSÅ: – Banning fungerer ikkje lenger

Ingen bannereglar i dag
– Me har ikkje reglar i dag som seier at me ikkje skal banna, seier Ragnhild Bjørge, språksjef i NRK. Men legg til at både tilsette og publikum er opptatt av språkbruken i statskanalen.

– Alle har ei forståing av ein ikkje skal banna i NRK, men me ser at i nokre program fungerer ikkje dette godt nok. Difor kan det bli ei endring på dette.

Kringkastingsrådet har fått 60 klagebrev, og 25 av desse handlar om banning, uanstendige uttrykk og dårleg språkbruk. Kringkastingsrådet vil torsdag diskutera kva slags retningslinjer NRK har for banning, og om grensene for banning er flytta dei siste åra.

LES OGSÅ: Eksplosjon i forhold til fokus

Ifølgje klagarane har banning blitt stadig meir utbreitt også i dei såkalla familieprogramma i NRK, blant anna i programmet «Ikke gjør dette hjemme».

– Det har nok kanskje vore vanskeleg å styra seg når ein ser huset brenn eller noko blir sprengd, seier Bjørge til Framtida.no.

Språkstyret og leiinga i NRK vil ha minst mogleg banning på lufta, men Bjørge er opptatt av at reglane skal kunna brukast i praksis. – Me vil framleis senda banninga på Lilyhammer og ta med banninga til Petter Northug i direktesendingar, seier språksjefen.

No vil ho ha heile organisasjonen med seg på ein diskusjon om språkpraksisen.

LES OGSÅ: Neger er ut – kvinner tek mest omsyn

Framlegg til retningsliner som skal til diskusjon i NRK:
• Medarbeidarar i NRK skal føra eit godt språk, som også viser respekt for publikum.

• Det skal ikkje bannast i barneprogram. Me ønskjer heller ikkje banning i andre program, med mindre det er ein del av historieforteljinga.

• Både deltakarar og programleiarar i interne og eksterne produksjonar skal gjerast kjende med språkreglane til NRK.

Faktaboks

Undersøking av tabuord brukt i tekstinga til NRK (omsett språk og teksting for hørselssvekka) i to periodar:               

(1998-2001)  2007-2010

Faen          (57) 301
Satan         (4)   21
Herregud  (93) 276
Jesus        (1)   8
Jævlig        (35) 78
Jævla         (26) 120
Helvete      (77) 211
Hælvete     (2)   0
Forbanna  (614
Forbannet  (10) 29
For himmlens skyld (0) 1

Fornedrande uttrykk:           
Dritt            (35) 90
Drittsekk    (24) 41
Drit-             (145) 326
Dritkul         (1)  5
Dritlekker   (0)  1
Dritfin          (2)  1
Dritbra        (3)  7
Drite i         (32)  94
Shit             (1)   7