Oljefondet tapte 10 milliardar på røykjekutt

Oljefondet gjekk glipp av 10 milliardar kroner i avkastning da det trekte seg ut av tobakksindustrien.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tapte milliardar på røykjekutt

Frå august 2005 til november 2011 tapte Statens pensjonsfond utland rundt 9,6 milliardar kroner på svartelistinga av tobakksaksjar, ifølgje Noregs Bank.

– Det er ikkje sikkert vi hadde løyvd nesten 10 milliardar kroner over statsbudsjettet for å distansere oss frå tobakksindustrien, seier statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) i Finansdepartementet til Bergens Tidende.

Han meiner det kan vere svært dyrt å drive politikk gjennom Oljefondet.

– Vi anar på førehand ikkje kva ein slik politikk kjem til å koste, og vi får ikkje noka samanliknbar prioritering mellom tapte inntekter i fondet og utgiftspostane i statsbudsjettet, seier Bjørnestad.

LES OGSÅ:Island vil ha sigarettar på resept

Gjennom 2011 fall verdien av aksjeporteføljen i Oljefondet med 8,8 prosent. Same året fall miljøaksjane med 22,8 prosent. Marknaden snudde året etter. Verdien av aksjeporteføljen til fondet auka da med 18 prosent. For miljøinvesteringane isolert sett var auken på 9 prosent. Desse to åra kosta satsinga på miljøaksjar skattebetalarane 4,3 milliardar kroner, sjølv om dei grøne aksjane ikkje utgjorde meir enn ein knapp prosent av porteføljen.

Dei to støttepartia til regjeringa, Venstre og Kristeleg Folkeparti, prøver no saman med Arbeidarpartiet å kaste kolselskapa ut av Oljefondet. Bjørnestad er redd for at det kan bli dyrt.

Statens pensjonsfond utland skal fredag leggje fram årsrapporten sin for fjoråret. Den 4. mars skal finanskomiteen leggje fram ei innstilling om kolinvesteringane til Oljefondet. I april kjem regjeringa med den årlege stortingsmeldinga om fondet. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil ha 20-årsgrense for kjøp av røyk