Nynorskkritikk mot Frp-fylkesmann

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskkritikk mot Frp-ar

Då det vart kjent at departementet har peika ut fylkesmann i Møre og Romsdal Lodve Solholm som eitt av to offentlege styremedlemmer i Nynorsk kultursentrum, var Terje Kjøde raskt frampå med kritikk på Facebook, skriv Sunnmørsposten.

LES OGSÅ: 97 sider utan nynorsk

Avviser kritikken
Ifølgje avisa hevdar Kjøde mellom anna at ein fylkesmann har eit nøytralt ombod som ikkje er i samsvar med styrearbeid og at Lodve Solholm representerer eit parti som i rikspolitikken har «gjort kva det kan for å undergrave nynorsk språk». Solholm synest lite om kritikken frå Kjøde, som i tillegg til å vere leiar i Sunnmøre mållag òg er styremedlem i Noregs Mållag.

– Eg har eit stort hjarte for nynorsk. Eg har lyst til å gjere ein innsats. Eg har eit stort nettverk. Eg synest kritikken er trist og småleg, seier Solholm til avisa.

LES OGSÅ: Frp-ar vil ha meir nynorsk

Tapte nynorskkampar
Han fortel at han rett nok har æresmedlemskap i Frp, men at han i tillegg har både teke – og tapt mange kampar i partiet om målsak då han var aktiv på Stortinget og medlem i Løvebakken Mållag.

– Eg held på retten- og lysta mi til å gjere ein ekstra innsats for nynorsken dei komande fire år, slik eg er bedd om, seier Solholm til avisa.

Terje Kjøde ønskte ikkje å kommentere saka til Sunnmørsposten.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik som er under etablering.(©NPK)