Det puttrar og skummar på Lindheim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frukt og bryggeri

Ingeborg Lindheim og Eivin Eilertsen tok i juni 2013 over fruktgarden Lindheim på Gvarv. Det unge paret såg at frukta aleine ikkje ville gje god nok økonomi til å leve av og såg derfor etter eit bein til å byggje gardsdrifta på. Sidan begge hadde stor interesse for ølbrygging valde dei å satse på sitt eige mikrobryggeri på garden.

I tilknytting til bryggeriet har dei også fått si eiga skjenkjestove. Her blir det arrangert quizkveldar med lokalt brygg attåt.

Ingeborg er dessutan ei av svært få jenter i ølbryggjarfaget, og paret er av dei yngste i eit stort miljø av mikrobryggeri i landet.

LES OGSÅ: Kan få selja øl rett frå bryggjeriet

Kort prosess
I februar i fjor reiste Ingeborg til San Diego, USA, for å lære å bryggje på eit bestemt mikrobryggeri som dei hadde planar om å kjøpe inn. Etter ein intensiv månad kom ho attende til Gvarv med mykje god lærdom og like viktig, eit nettverk med høg kompetanse i ølbrygging. Paret er ikkje i tvil om at nettverket i San Diego og samarbeidet med øl­bryggjarar derifrå har vore avgjerande for at dei har kome godt i gang.

– 25. september rulla heile bryggeriet inn på garden og allereie 6. november sette me vårt første brygg, eit belgisk øl kalla Farmhouse Ale, seier Eivin, og legg til at dette brygget har blitt ein favoritt og bestseljar allereie.

Mikrobryggeriet er av typen Premier og kosta med montering i overkant av ein million kroner.

– Sidan har me hatt besøk av fleire anerkjente bryggjarar frå San Diego som har drive opplæring og delt sine gjennomprøvde oppskrifter. Resultatet har blitt eit godt øl, seier Ingeborg.

LES OGSÅ: Årets øl-innovasjon frå Voss

Elleve sortar
I desse dagar er ølbryggjarane på Lindheim i gang med sin 15. batch, eller bryggeomgang, med 800 til 1.000 liter øl som resultat.

– Me har faktisk produsert elleve forskjellige slag, seier Eivin, og reknar opp tre belgiske sortar, India Pale Ale, Amber, Kaffe Stout, Porter, Krydderøl og den aller siste som er ein Imperial Red Ale.

Planen vidare er å setje ein tredje batch med Farmhouse Ale og ein ny Belgisk Dobbel.

– Me har tre forskjellige gjærstammer som me brukar og dei kan ikkje stå for lenge før dei må brukast igjen, seier han.

Kapasiteten ved full drift slik bryggeriet står i dag er 75.000 liter per år. Dei ser også for seg å investere i eit heilautomatisk flasketappeanlegg om nokre år. Det vil krevje ei investering på om lag ein halv million kroner. Det vil gje dei moglegheit til å selje produkta også i butikkar.

I dag blir ølet seld til restaurant­ar og store ølbarar via ein distributør.

– Me har fått svært gode tilbakemeldingar frå kundane våre og har seld meir enn forventa, seier Eivin, og legg til at dei nyleg hadde god respons på ei lansering av ølet sitt på ein stor ølbar i Kristiansand.

Det er stor utvikling innan handtverksøl i Noreg og talet på mikrobryggeri veks raskt.

– For å hengje med er det berre ein ting som gjeld. Me må lage gode produkt, seier Eivin.

Saka var først publisert i Bø Blad.