Nav-direktør Bjørn Gudbjørgsrud vil fjerne stønaden som nær 1.800 norske ungdommar fekk i fjor etter å ha droppa ut av skulen.

NPK-NTB
NPK-NTB

I staden vil direktøren ha obligatorisk vidaregåande skule, gjerne ute i bedrifter, skriv VG.

– Ingen fråfallselevar bør gå på individstønad. Det er feil med eit økonomisk insentiv som oppfordrar til å slutte på skulen, seier Gudbjørgsrud.

Tiltaksforskrifta, såkalla individstøtte, er forma ut slik at ein ungdom som sluttar på vidaregåande skule og går ut i arbeidspraksis i regi av Nav, automatisk får stønaden som er opptil 6.000 kroner i månaden.

– Det vert stilt krav til mottakarane i dag. Dei må opp om morgonen og delta i arbeidsmarknadstiltak. Men vi har ei utfordring når ungdom som får denne støtta, kjem betre ut økonomisk enn kameraten som er lærling, seier Gudbjørgsrud.

Direktøren meiner det bør innførast 13 års obligatorisk skulegang i staden for dei ti åra som er i dag.

– Vi må lage alternative skuleløp. Vi må finne måtar å gjennomføre vidaregåande skule på ute i bedrifter, seier han.

Tal frå Nav viser at 1.793 personar som er 19 år og yngre i fjor fekk opptil 6.000 kroner i månaden av Nav. Føresetnaden for stønaden er at dei ikkje går på skule. (©NPK)

Kva synest du om ideen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE