Vil snu negativ flyktningtrend

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knut Steinar Eitungjerde og Idun Litlere ved Nav Sogn og Fjordane har kanskje oppskrifta som kan få bukt med den uroande statistikken.

Medan arbeidsløysa totalt er 1,6 prosent er den tre gonger så høg mellom flyktningar.

På Nav-toppen
Eitungjerde seier rådmennene i fylket tykkjer det er bekymringsfullt at ein stor del av flyktningane hamnar i Nav-systemet, til dømes som sosialhjelpsmottakarar eller uføretrygda etter fullført introduksjonsprogram.

– Nav-leiarar i fylket er heller ikkje så nøgde med resultata. Flyktningar er den sterkast veksande fattigdomsgruppa i Noreg, seier Eitungjerde.

Lite tyder på at det er annleis i Sogn og Fjordane.

Dårleg norsk
Eitungjerde undrar seg over at flyktningar, etter endt toårig introduksjonsprogram, kan dukka opp på Nav-kontoret med tolk. Det gir klare signal om at språkkunnskapane ikkje er som dei burde etter to år med norskundervisning.

– Før var det lågt utdanna nordmenn med dårleg tilknytning til arbeidslivet som var øvst på statistikken over arbeidssøkarar, no er det flyktningar, særleg menn, seier han.

28 prosent får støtte
Litlere viser til tal tal frå 2012 viser at av 3.000 flyktningar som nyleg hadde avslutta introduksjonsprogrammet hadde 24 prosent fått seg arbeid, ni prosent gjekk på grunnskule, 21 prosent på vidaregåande skule og to prosent tok høgare utdanning. 20 prosent var i Nav-tiltak og åtte prosent mottok sosialstønad.

– Å motta sosialhjelp er dårleg økonomi, det er noko dei færraste har lyst til og ikkje bra for nokon, konkluderer ho.

Snu fokus
For å finna ut meir om kvifor det er slik og korleis dette kan endrast jobbar Eitungjerde og Litlere i eit prosjekt som kan føra til at fleire kjem i jobb etter introduksjonsprogrammet. Litlere har tidlegare vore flyktningkonsulent i Luster og har fersk kunnskap frå feltet.

51 prosent i jobb Ved utgangen av 2011 var 51 prosent av flyktningane i Sogn og Fjordane i jobb. Eitt år etter var talet 46,7 prosent, noko som saman med Finnmark er største tilbakegang. Totalt for Sogn og Fjordane er 72,2 prosent i jobb, noko som er i landstoppen.

54 prosent av dei som avslutta introduksjonsprogrammet i 2010 var under arbeid eller utdanning ved utgangen av 2011. Det er det lågaste talet Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har observert sidan oppstarten av programmet i 2005.

Så langt har desse sognekommunane vedteke å ta imot flyktningar i år: Årdal (15), Lærdal (15), Høyanger (20), Luster (5), Sogndal (30).

Saka var først publisert i Sogn Avis.