mm

– Eg har aldri vore i tvil om at eg skal kome ut i jobb, seier Stine Machlar, som er nytilsett som ungdomskoordinator i Norges Handikappforbund sin ungdomsorganisasjon (NHFU).

LES OGSÅ:Torstein Lerhol: – Livet er herlegare enn nokon gong

Freelance i rullestol
Og sjølv om ho aldri har vore i tvil, er tala til for funksjonshindra folk i arbeid nedslåande. Tal frå SSB for 2013 syner at heile 86.000 vaksne, arbeidsviljuge funksjonshindra står utan jobb.

Stine Machlar har Celebral Parese og er difor avhengig av rullestol for å kome fram, og treng brukarstyrt personleg assistanse (BPA), men let ikkje det vere i førarsetet.

Når ho har søkt jobbar har ho nemnt funksjonshindringa dersom ho føler det er relevant for jobben ho skal gjere. Det har enda ikkje ført til ubehagelege overraskingar, informasjonen er jo berre eitt Google-søk unna.

22-åringen har under og etter journaliststudiane arbeidd som freelancar, før ho 1. februar starta i eit årsengasjement for å blåse nytt liv i ungdomsorganisasjonen til handikappforbundet, som har slitt med dårleg oppslutning og mangel på folk til styreverva.

– Det er oftast folk utanfor journalistmiljøet som har stilt spørsmål ved om eg kan gjere det. Dei trur gjerne at alle journalistar står nede i Midtausten, smilar jenta, som er oppvaksen i Orkdal i Sør-Trøndelag.

LES OGSÅ: Den ubrukte arbeidsstyrken

La ned ungdomsorganisasjonen
NHFU har vore ein sjølvstendig organisasjon, med fire regionslag og eit landsstyre. Men etter ynskje frå landsstyret sjølv, vart ungdomsorganisasjonen lagt inn under hovudorganisasjonen, medan regionane framleis er aktive.

No vert det Machlar si oppgåve å få liv i den sovande organisasjonen, koordinera dei yngste medlemmene og hjelpe dei å sparke moderorganisasjonen litt på skinnleggen. Ho veit det er mange engasjerte ungdommar med ei funksjonshindring rundt om i landet.

LES OGSÅ: Funksjonshemma fell ofte utanfor i gymmen

Livsgneist på sosiale medier
Håpet er at organisasjonen igjen skal stå på eigne bein om eitt år og Machlar vonar dei vert eit supplement til organisasjonen Unge funksjonshemmede. Der Unge funksjonshemmede kan arbeide politisk med sine saker og NHFU kan vere ein sosial arena for unge med funksjonshindring, der dei kan møtast og diskutere.

– Me vil vere den organisasjonen for unge funksjonshindra som folk har høyrd om. Det skal vere ein organisasjon som er både uformell og viktig, der alle er velkomne, forklarar Machlar.

Ho er oppteken av både samhald mellom folk med funksjonshindring, men òg integrering i storsamfunnet.

– Det må gå båe vegar. Vil me verte integrert, kan ikkje me heller ekskludere nokon. Difor ynskjer me alle ungdommar velkommen – både med og utan funksjonshindringar.

Den første veka har ho nytta til å starte opp blogg, Twitter-konto, Facebook-side og Instagram-konto. Det er viktig å møte ungdom der dei er. Ting vert meir delt på sosiale medier. Det har så smått byrja å rulle inn e-post frå ungdommar.

LES OGSÅ: – Noreg må utnytte arbeidskrafta betre

Fritt snurom
Og sjølv i 2014 er det mykje å ta tak i.

– Me kan ikkje leggje skjul på at funksjonshindra vert diskriminert. Eg seier funksjonshindra fordi det er det me er. Hindra frå å delta i samfunnet på alle områder fordi tilrettelegginga er for dårleg. Dette er noko me må syna at me ikkje godtek, slår Machlar fast.

Men det kan vere vondt å ta kampane, har både ho og andre med ekstrautfordringar erfart. Sjølv har ho kjempa for retten til å leve eit normalt liv utanfor institusjon med brukarstyrt assistent og medverka i 2011 i Dokument2-dokumentaren «Brevet til Jens».

Og kor vanskeleg kan det vere å få ein pult som heisast opp og ned i 2014, spør Machlar?

Ein anna ting som engasjerer ho er dei nye reglane for krav til snusirkel i bustad. Det handlar om fritt val av bustad. Kravet vart snevra inn frå 150 cm til 130 cm frå januar i år. Regjeringa kallar det enklare krav til plan og byggjereglar, men for nokon betyr dei tjue centimetrane mindre til å snu stolen på ekstremt mykje. Machlar støttar seg til Husbanken sitt utsegn om at dette er bra for alle og viktig for nokon. Ho er av dei siste.

– Det handlar om at ungdommar skal kunne vitje venene sine, meiner Machlar, og peikar på at det ikkje er fritt bustadval, om unge funksjonshemma vert pressa til å velje dei leilegheitene som er tilpassa dei.

– Og det kan skje alle. Alle kan brekke eitt bein, peikar den engasjerte trønderen på. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE