Du ser skikkelig rar ut

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Du ser skikkelig rar ut

Viss du har ein i klassen som ser skikkelig rar ut, og du går bort til han og seier «Du ser skikkelig rar ut», så er det jo ikkje noko artig viss han svarer «Ja, eg er fullstendig klar over det.» Du tergar ikkje han meir då. Du vil jo at han skal bli krakilsk og slik sørge for at du får maksimal merksemd for det du sa, sjølv om det du sa ikkje var spesielt avansert.

Sjølvsagt kan det vere vanskelig å heve seg over det når folk prøver å terge deg, men det er litt overraskande at ikkje vaksne folk klarer det oftare. Spesielt vaksne folk som er statsrådar. Statsråd er trass alt ein jobb som i all hovudsak går ut på å halde stilen medan alle prøver å terge deg opp heile tida.

Så når ein direktør for eit museum i Sør-Trøndelag skriv i eit forord at FrP er eit nasjonalistisk og farlig parti, så skulle ein tru at det var ei grei sak å ikkje la seg terge av det. Ein skulle tru det naturlige var å trekke på skuldrane. At ein leiar i kulturlivet ikkje liker FrP, er vel neppe ei bombe. Det er vel heller mykje som tyder på at ein trygt kan gå ut frå at leiarar i kulturlivet ikkje liker FrP.

Men i regjeringa lar dei seg faktisk terge. Kulturminister Thorhild Widvey ringde til styreleiaren for museet, etter å ha fått nummeret frå søstra hans, som er statssekretær på statsministerens kontor. Slik sørga kulturministeren for at vi som skriv i avisa fekk eit påskot for å skrive om både maktmisbruk, ytringsfridom og samrøre. Dette er jo tre av dei tinga vi liker aller best å skrive om. Og som vi alle veit: Når vi først har begynt å skrive om noko vi liker å skrive om, då sluttar vi ikkje før vi absolutt må.

I tillegg fekk AP-folk eit påskot for å blåse seg opp og snakke om grunnlova, dei små partia  fekk eit påskot for å vere forferda på Dagsrevyen, og han SV-aren med bustete hår skal stille spørsmål i Stortinget. Små parti liker å vere forferda på Dagsrevyen. SV-arar med bustete hår liker å stille spørsmål i Stortinget. Og AP-folk lever for å blåse seg opp.

Kulturministeren kunne trekt på skuldrane, og ingen hadde brydd seg så veldig om at ein museumdirektør meiner det museumsdirektørar sannsynligvis meiner. I staden sørga ho for at museumsdirektøren fekk maksimal merksemd for det han sa, sjølv om det han sa ikkje var spesielt avansert.

Ho kunne nesten ikkje klart å gjere det verre for seg sjølv om ho hadde gått inn for det. Eller jo, forresten, det kunne ho. Ho kunne gjort det verre for seg sjølv. Ho kunne for eksempel gått ut og sagt:

– Denne museumsdirektøren er ei skam for Norge. Og eg har full støtte i dette synet frå eit samla IOC.

– Museumsdirektøren har øydelagt like mykje for vårt internasjonale omdømme som desse arrogante norske langsrennsløparane som ikkje greier å følgje det olympiske reglementet. Dessutan har han eit veldig rart namn.

– Direktøren snakkar svensk og museet ligg i Trøndelag. Eg har aldri likt verken trønderar eller utlendingar.

– Eg er berre kulturminister. Eg truddde ærlig talt ingen følgde med på kva eg dreiv med.

– Drit i FrP. Det er vi som bestemmer.

– Eg bestemmer over ytringsfridommen. Og Harald Stanghelle er ein dott.

Men dette sa ho sjølvsagt ikkje. Alle forstår at det ville vere svært lite smart. Ærlig talt.


Først publisert i Aftenposten 15. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar!