– Gud gjorde ein stor feil

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Orgasme – kva er det?

Tidlegare leiar i Kors på halsen, Marit Nøstdal hugsar godt den litt mismodige, kring elleve år gamle guten som ringde inn. Ikkje for å spørje om råd, men for å slå fast, ein gong for alle, at puberteten var noko herk.

I tretti år har dei frivillige i Røde Kors sitt samtaletilbod svart på spørsmål om pubertet, ulukkelege forelskingar, mobbing, familietrøbbel, kjærleik og sex. Tilbodet har gått frå å vere ein av få informasjonskanalar for unge i 1984, til å verte ein del av eit digitalt mangfald. Ifølgje dei unge sjølv held Kors på halsen likevel stand.

Mindre fakta enn før
Kors på halsen er eit tilbod for barn og ungdom under 18 år. Dersom ein treng nokon andre enn dei ein har rundt seg til vanleg til å lytte og hjelpe, kan ein ringe, maile eller chatte med ein vaksen. Dei som svarar har teieplikt, og er anonyme, akkurat som innringaren.

Sidan tilbodet starta opp i 1984 har Røde Kors sett ei tydeleg endring i kva barn og unge spør om. Særleg gjeld dette seksualitet, der spørsmåla ikkje lenger handlar om fakta og teknikk, men om kjensler og relasjonar.

– Vi fekk veldig mange telefonar om pubertet, kropp og relasjonar, slik som i dag. Noko var likevel annleis. Den gongen fekk vi mange fleire faktaspørsmål enn i dag. Ungdommane lurte til dømes på korleis ein har sex eller korleis ein tek på kondom, fortel Marit, som var leiar i Kors på halsen tidleg på 90-talet.

Medan ein i dag kan google seg fram til mykje av det ein lurer på, fekk ein den gongen kunnskap om pubertet, sex og relasjonar gjennom timar med helsesyster, skulebesøk, vener eller vekeblad.

– Informasjonen til dei unge var veldig mangelfull. Særleg var spørsmål kring pubertet vanskelege. Etter at ungdom hadde hatt seksualundervisning på skulen til dømes, ringde mange inn for å spørje om det dei ikkje hadde forstått i timen. Eg hugsar òg ein gong eit vekeblad hadde skrive at alle jenter over tolv år har fått orgasme. Dagen etter kokte det i telefonen!

LES OGSÅ: Sånn oppstod kysset

Undrar like mykje
No er det ikkje like mange som lurer på korleis ein kondom fungerer eller kva sex eigentleg går ut på. Dei frivillige i Kors på halsen får likevel flust med vanskelege spørsmål.

– I dag handlar det ofte meir om kjensler, som om ein eigentleg er klar for å ha sex, om ein får det til, om korleis ein får jenter eller gutar til å tenne, kva andre liker, korleis ein skal sjå ut og så vidare, listar noverande leiar Nelli Kongshaug opp.

Ho strekar under at unge undrar seg like mykje som før.

– Til dømes lurer mange på kva ein orgasme eigentleg er. Dersom ein nokon gong har freista å skildre ein orgasme, veit ein kor vanskeleg det kan vere. Men i Kors på halsen vil vi ha ein låg terskel, og la dei vaksne undre seg saman med barna, seier Nelli.

LES OGSÅ: 9500 mindreårige har delt nakenbilde av seg sjølv

Mindre skam
Sjølv om alle frivillige i Kors på halsen har fått opplæring å lytte, snakke og støtte barn og unge, kan mange av temaa vere utfordrande.

– I byrjinga kunne eg få bakoversveis når unge ringde inn og snakka om kropp og sex med sine eigne ord. Men vi fann raskt ut at vi ikkje trong å gjere det så vanskeleg. Vi kunne berre bruke dei same orda sjølv, seier Marit.

Fram til slutten av 90-talet hadde mange unge spørsmål knytt til skam og skuld. Dei spørsmåla har det blitt mindre av i dag.

– Temaa vi diskuterer med ungdom var nok også knytt meir til skam før. No er terskelen lågare for å snakke om desse tinga, men det betyr ikkje at alle forstår eller aksepterer, seier Nelli.

LES OGSÅ: Ein plukka blome

Nær 15 000 spørsmål
I 2013 svarte frivillige i Kors på halsen på 14 656 førespurnader. Dei kring 140 frivillige svarar på telefon, chat og e-post. I tillegg kan ungdom publisere innlegg i debattforumet på korspahalsen.no, og få svar frå andre unge.

Dei vanlegaste temaa i 2013 var psykisk helse, fritid, relasjonar, seksualitet, kjensler, familie og fakta om eigen kropp.  Ein del tek òg kontakt om meir alvorlege situasjonar, som sjølvmordstankar, alvorlege lovbrot eller vald i heimen.

Ifølgje tilbodets årsrapport snakkar ungdommane om meir alvorlege tema på chat enn på telefon, grunna ei sterkare kjensle av anonymitet. Det er også fleire jenter enn gutar som brukar tilbodet, men på epost har det vore ein liten auke i gutar som tek kontakt.

LES OGSÅ: Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

– Eit nyttig tilbod
Emilie Egebjerg (16) og Mikkel Totland (18) har begge erfaringar med Kors på halsen. Som medlemer i Ekspertpanelet har dei vore med på å forbetre tenesta. Ungdommane i panelet har mellom anna sjølv ringt Kors på halsen, for å teste og kome med tilbakemeldingar.

Eg ringde inn og sa at alle jentene i klassen likte meg og at eg ikkje visste kven eg skulle velje, fortel Mikkel litt motviljug. Då han vart myndig måtte han pensjonere seg frå Ekspertpanelet, som han har vore med i sidan oppstarten.

– Den frivillige spurde kva eg følte sjølv, og råda meg til å følgje hjartet mitt. Sjølv om det var eit tullespørsmål, tykkjer eg samtalen var god, ler Mikkel.

Då Emilie skulle teste tenesta ringde ho inn og sa at ho hadde kjærleikssorg.

– Kjærleikssorg er eit typisk tema. Akkurat i det tilfellet då eg ringde, følte eg at responsen var litt laber og at eg sjølv måtte halde samtalen i gong, fortel ho.

Emilie og Mikkel er likevel einige i at Kors på halsen er eit bra og viktig tilbod.

– Ein kan snakke om kva som helst med dei frivillige, også om ein ikkje har noko spesielt ein vil ta opp, seier Emilie.

– Anten det er gullfisken eller kjærasten som er død kan du ringe inn, seier Mikkel, og legg til:

– Kors på halsen er absolutt ei nyttig teneste, som blir mykje brukt. Dersom ein ikkje har nokon å snakke med kan ein ta kontakt. Sjølv om ein kan stole på dei frivillige, treng ein ikkje uroe seg, for ein er heilt anonym.

Les fleire saker om sex og samliv her!

Faktaboks

FAKTA: KORS PÅ HALSEN

• På Kors på halsen kan du som er under 18 år snakke om kva som helst.
• Det er trygt, gratis og anonymt.
• Dei som svarar er frivillige, som er kursa i å lytte, snakke og støtte barn og unge.
• Du kan ta kontakt på telefon, epost eller chat.
• Ring Kors på halsen på 800 333 21