Johannes let ikkje hørselshemming vere til hinder for lysta til å arbeide med båtar.

Andreas Bjerknes, Vikebladet
Andreas Bjerknes, Vikebladet

– Eg vart fødd døv, men fekk operert inn eit implantat då eg var to og eit halvt år. No er det eigentleg ingen problem, ettersom eg er van med det, fortel Johannes Indreflø som er lærling hjå Ulstein Elektro Installasjon.

Ikkje eit stort problem
Johannes fekk sett inn eit cochleaimplantat, som gir døve og hørselshemma personar mogelegheita til å oppfatte og tolke lyd og tale.

– Eg kan ikkje arbeide ute på båt på grunn av hørselshemminga, men sjølv om eg hadde mogelegheita til å arbeide ute, så ville eg nok heller vore med å bygge båtane, sånn at eg lærer systema å kjenne i praksis, i staden for berre teoretisk, fortel Indreflø.

Hovudutfordringa for Johannes kjem dersom det er mykje støy rundt han.

– Då blir det vanskeleg å skilje ut lyden, til dømes dersom nokon held på med sliping eller sveising i nærleiken. Det kan og vere vanskeleg å få med seg alt dersom det er svært mange som snakkar samstundes.

Spanande og variert
På Ulstein vidaregåande skule gjekk Johannes først på Elektrofag og deretter på El-energi, før han vart klar for tida som lærling.

Etter litt over eit halvt år som lærling hjå Ulstein Elektro Installasjon er Indreflø klar på at han har kome til ein plass der han trivst godt.

– Det har vore spanande å arbeide her og veldig variert. Eg slepp å arbeide med akkurat det same kvar dag, fortel han.

Lærer meir av praksisen
Indreflø er også nøgd med oppfølginga lærlingane får.

– Vi får verkeleg føle at vi er ein del av ei bedrift, og at det ikkje berre er skule, meiner han og legg til at det blir stor forskjell frå å sitje på skulebenken.

– Det er noko anna å site bak eit bord på skulen og lære teori, i forhold til å faktisk utføre det vi har lært på skulen. Forskjellen er stor, og eg lærer nok endå meir av å få gjere arbeidsoppgåvene i praksis, fortel lærlingen.

LES OGSÅ: Drøymer om å bli fiskeskipper

Nye oppgåver
I løpet av det halve året han har vore hjå Ulstein Elektro Installasjon, har Johannes hovudsakleg arbeidd med det nye GC Rieber fartøyet «Polar Onyx» som snart skal vere klar for overlevering.

– Eg har vore med på innreiinga av skipet, men arbeidsoppgåvene kan vere alt frå a til å, seier han.

Ifølgje Johannes blir det spanande å sjå kva som blir neste prosjekt.

– Det er jo litt trist at skipet vi har arbeidd på ikkje skal vere her lenger, men det blir kjekt å byrje på ein ny båt.

Då kan det også bli andre arbeidsoppgåver enn det Johannes har halde på med så langt.

– Ja, det kan vere kva som helst, til dømes på brua, maskinrommet eller akterskipet. Det har ikkje eg fått vite endå.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Skip i blodet
Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at Johannes enda opp hjå Ulstein i lærlingtida.

– Bestefaren min, faren til mor mi, arbeidde her i mange år. I tillegg jobbar faren min hjå Ulstein Design & Solutions. Eg har alltid vore interessert i båt, og synest dei er fascinerande, fortel Johannes.

Det er framleis ei stund til han er ferdig med tida som lærling, men Indreflø kan godt tenkje seg å halde fram i bedrifta når den er over.

– Arbeidsmiljøet som er her og den variasjonen vi har i arbeidet gjer at ein har alt det ein trengt for å trivast godt, meiner han.

Ulstein tilbyr stipendordningar for tilsette med fagbrev som ynskjer vidare utdanning, og sjølv om at det er vanskeleg å vite kva som skjer så langt fram i tid, så kan ikkje Johannes utelukke at det er noko som kan verte aktuelt.

– Det hadde vore ei fin mogelegheit, fortel han.

LES SAKA I VIKEBLADET!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE