Samferdselsministeren vil utgreia 130 km/t på E39, sjølv om det vil gi sterk auke i klimautsleppa.

mm

Laurdag lanserte Statens vegvesen tanken om at nye E39 mellom Bergen og Stavanger kan få ei fartsgrense på heile 130 kilometer i timen. Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) støtta forslaget og sa til Bt.no at når det gjeld nye motorvegar bør farten vera 130 km/t.

Naturvernforbundet i Hordaland åtvarar no mot å auka farten på E39 så mykje.

– Dette vil gjera det endå eit hakk verre å få til den reduksjonen i klimautslepp politikarane har lova. Om bilane aukar farten frå 65 km/t til 130 km/t, doblar du farten, men mangedoblar CO2-utsleppa, seier Gabriel Fliflet i Naturvernforbundet til Bergens Tidende.

Kritikken får ikkje samferdselsminister Ketil Solvik- Olsen (Frp) til å snu i saka.

–  CO2-utsleppa er eit argument, men det er ikkje tungtvegande nok til at me skal la vera å vurdera auka fartsgrense. Det er mange andre samfunnsgevinstar av auka fart, slik som næringsutvikling og større arbeidsmarknader. Så må me vega for og imot. Det er det politikk handlar om, seier han, ifølgje avisa.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandet bli ferjefritt

Kva synest du om forslaget om 130 km/t på E39?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE