Sjølv om det er flest kvinner som studerer, er berre ein av fire professorar kvinner. – Det er viktig å få kvinner i maktposisjonar, meiner Gry Brandser og Sevil Sümer.

NPK
NPK

Dei to skal no forske på kva som skal til for å få fleire kvinnelege toppleiarar ved universitet og høgskular, fortel Uni Rokkansenteret på nettsidene sine.

– Det er så mykje i samfunnet vårt i dag som vert avgjort gjennom kunnskap. Universiteta er ikkje isolerte, men er med i samfunnet og med på å setje premissar. Derfor er det viktig at kvinner deltar i leiarposisjonar, slik at dei kan vere med og bestemme premissane, seier Brandser.

Dei to forskarane ved Uni Research Rokkansenteret, skal skaffe ny kunnskap om status for likestillinga ved Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og Havforskingsinstituttet. I tillegg skal dei sjå på kva som kan gjerast for å betre likestillinga ved dei tre institusjonane.

Både Havforskingsinstituttet og Høgskolen i Bergen har sett seg som mål å få 40 prosent kvinner i leiinga innan 2015. Ved Havforskingsinstituttet er i dag ein av fire forskingsdirektørar kvinner. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49
ANNONSE