– Det kjekkaste er når vi køyrer ned ein reaktor, eller om det skulle skje noko unormalt eller annleis, det er kjekt med litt avbrekk frå dei daglege rutinane.

Morten Sæle, Nordhordland.no
Morten Sæle, Nordhordland.no

Det seier Cecilie Mangerøy Haukås.

– Draumen min er å få halda fram her på Mongstad, det er ein veldig fin arbeidsplass, seier ho vidare.

Statoil Mongstad har no heile 77 lærlingar under opplæring, 13 av dei er TAF-elevar.

– Av dei 32 som starta i lære i haust var heile 10 av dei lokale ungdommar, fortel informasjonssjef Jon Halstein Tjore.

LES OGSÅ: Lise er bås på Norges største krigsskip

Ein av dei er Cecilie Mangerøy Haukås frå Feste som no er andreårslærling innan kjemiprosessfaget.

– Eg ville gjerne jobba med noko innan mekanisk industri, eg ville ikkje ha eit tradisjonelt dameyrke, fortel Cecilie, som er glad for at ho tok det valet.

Variert læretid
– Draumen min er å få halda fram her på Mongstad, det er ein

veldig fin arbeidsplass, seier ho. På Mongstad får ho ei svært variert læretid med opplæring på heile 11 ulike prosessar. Kvar av dei ulike prosessanlegga er store og avanserte konstruksjonar.

– Det er veldig mykje å setta seg inn i, ein startar med eitt anlegg for å læra seg det og jobbar seg utover, fortel Cecilie.

LES OGSÅ: Stor dag for unge lærlingar

Ein vanleg arbeidsdag består av å gå rundar der alle pumper og kompressorar vert kontrollert, drenering av filter og anna førefallande arbeid.

– Vi går rundt og passar på at alt i prosessen går som det skal, og er klare til å gripa inn om det skulle skje noko, fortel Cecilie. Ho er og med på styring og overvaking av prosessanlegget i kontrollrommet på anlegget, der operatørane har full kontroll over kva som rører seg i anlegget gjennom tallause skjermar.

Skiftarbeid
– Det har eg gjort i heile helga, seier ho, og fortel at prosessarbeid er skiftarbeid, og at ho jobbar både dag, kveld og natt.

– Eg synest det er fint å gå skift, eg er ikkje den som står tidlegast opp, seier ho. Å snu rundt på døgnrytmen har ho ikkje noko problem med.

– Når ein har gått på skift lenge vert ein van til det, då synest eg det er rart om eg ikkje snur på døgnet, fortel ho. I skiftordninga jobbar ho fire ettermiddagsskift, sju nattskift og sju formiddagsskift fordelt over ein periode på seks veker.

Alltid radio
Radioen Cecilie alltid har med seg sprakar ut viktige meldingar med jamne mellomrom.

– Vi har alltid radiokommunikasjon når vi er på jobb. Det kan vera litt krevjande å forstå kva som vert sagt, ein må vera nøyaktig med kva ein seier på radioen, fortel ho. Cecilie trivst best når det skjer litt utanom det vanlege.

LES OGSÅ: Så mange må gå på Mongstad

– Det kjekkaste er når vi køyrer ned ein reaktor, eller om det skulle skje noko unormalt eller annleis, det er kjekt med litt avbrekk frå dei daglege rutinane, seier ho

LES FLEIRE SAKER OM YRKESVAL HER!

FULL KONTROLL: Cecilie Mangerøy Haukås er og med på styring og overvaking av prosessanlegget i kontrollrommet på anlegget, der operatørane har full kontroll over kva som rører seg i anlegget gjennom tallause skjermar. Foto: Morten Sæle

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49
ANNONSE