Ny forsking peikar på at nynorskbruken kan vere grunnen til at elevar i Sogn og Fjordande er dei flinkaste i landet.

mm

Dei fire siste åra har elevar som går ut av grunnskulen i Sogn og Fjordane hatt det høgaste snittet i Noreg.

I tillegg til dette har fylket i fleire år toppa resultatlistene over dei nasjonale prøvane. Dei gjer det jamt over godt i både lesing, rekning og engelsk.

No meiner forskarar at nynorskbruken er ein viktig suksessfaktor, melder NRK Sogn og Fjordande.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane har dei flinkaste elevane

Mysteriet Sogn og Fjordane
– Å lære seg to skriftspråk har tydelegvis ein bra effekt på skulearbeidet, seierGöran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, til NRK.

Han er mellom dei som i dag legg fram dei første resultata frå forskingsprosjektet om kvifor elevar i Sogn og Fjordane skil seg så positiv ut.

Gjennom prosjektet Lærande regionar har tolv ulike forskingsgrupper har arbeidd med å samanlikna Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Aust-Agder og Oppland.

I tillegg til effekten av målformene, har dei sett på skilnadar i organisering av skulane, klasseromsundervisninga eller lærarane sin status, som kan forklara ein del av skilnadane mellom fylka.

LES OGSÅ: Kvifor er elevane i Sogn og Fjordane best?

Treningssak
Söderlund er ikkje i tvil om gevinsten av å meistre to målformer.

– Det betyr i alle fall at skuleborna har nytte av å halde oppe to språk. Då trenar ein hjernen, og trenar ein den mykje så lærer ein meir enn om ein trenar den lite, seier forskaren.

Rektor på Slåtten skule i Førde, Turid Hatlem, trur at resultata delvis kan forklarast på andre måtar:

– Det kan òg hende det har mykje med kulturen vår i Sogn og Fjordane, at skular framleis har høg status, folk som legg vekt på at ein skal jobbe med skule. Det kan vere mange ting som verkar inn, i tillegg til at vi har nynorsk som målform, seier Hatlem til NRK.no.

LES OGSÅ: – Smartare av nynorsk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE