Jentene som syr det sjølv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så enkelt er det å sy sjølv

Då Sara Kløften Feragen og Kristin Tyvoll først byrja å sy, leita dei etter vegleiing på internett. Det var det lite av, difor har dei starta bloggen Sy det selv – der dei legg ut detaljerte framgangsmåtar for korleis du kan sy dine eigne klede.

LES OGSÅ: Aukande strikketrend blant unge

Syåret 2013
To stoffstykker ligg ferdig utklipt på kjøkenbordet ved symaskina. Det er gjerne klippejobben som er den mest omfattande med sying, spesielt om det er eit plagg med mange delar. Denne toppen har to, og skal vere rimeleg grei.

Då er det berre å køyre symaskin. Å sjå at stoffet vert til klede er det kjekkaste, fortel jentene som har blitt bitt av sybasillen.

Til toppen har Kristin har latt seg inspirere av designhuset Missoni sine livlige mønster. Ein vert litt eigen designar av å sy, og jentene merkar at dei stadig er på leit etter nye utfordringar.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn

Saka fortset under biletet.


Kristin prøver toppen, etter at skuldrene er sydd saman.

 Motepoliti
Trønderane, som no bur i Oslo, er langt frå nokre erfarne sydamer. Sara studerer på politihøgskulen og ynskja seg si første symaskin til jul i forfjor. Sjukepleiaren Kristin kjøpte seg maskin for om lag eitt år sidan.

Dei gjev Jenny Skavlan og trenda med å sy om klede delar av æra for at dei starta med hobbyen.

– Eg var heilt fersk og hadde så vidt teke i ein symaskin ein gong på barneskulen, fortel Kristin.

I løpet av 2013 har ho fylt opp eit stativ med kjolar, skjørt, toppar, kåper og genserar.

LES OGSÅ: Pimp bunaden din!

Pengar spart
Og symaskininvesteringa har gjeve avkastning. Begge jentene merkar at dei brukar mindre pengar på klede. Prisen på eitt heimelaga plagg kjem som regel på mellom 100 og 200 kroner, og somme tider mindre. Ein grå kjole kosta berre 64 kroner.

– Det er overraskande billig, tykkjer Sara.

– Det har nesten vorte ein liten shoppestopp. Ein går meir i butikkar for å få inspirasjon, og tenkjer ofte at det der kan eg jo lage sjølv, fortel Kristin.

Og ein shoppestopp er nok noko fleire her til lands kan ha godt av. Dei siste tjue åra har klesimporten meir enn dobla seg, og me har no passert 80 000 tonn klede i året, ifølgje SSB.

– Folk har gjerne mykje liggjande mykje i klesskåpet, som ein kan sjå moglegheitene i og sy om, meiner Kristin.

LES OGSÅ: Norske klesprisar halvert på ti år

Saka fortset under biletet.


F.v Kristin og Sara har berre hatt symaskin i litt over eitt år, men har nytta tida godt.

Vanskelege armholer
For å sy er enklare enn det høyres ut som, ifølgje Sara. Dei reknar ein kveld på eitt plagg, og når ein først set i gang kjem ein godt inni det.

Utstyret treng heller ikkje slanke lommeboka kraftig. Symaskinen Sara nyttar kosta om lag 600 kroner på Ikea. Medan Kristin har ei litt dyrare maskin frå Husqvarna.

Men ein må vere nøye, for at det skal verte fint. Her er det spesielt armhola som kan vere ei utfordring. Trikset er difor å alltid sy skuldrene først.

Med to sømmar er den eigendesigna Missoni-toppen vorte poncho og Kristin kan henge han over seg for å sjå korleis det vert. Det er ikkje alltid like enkelt å sjå for seg stoffet på ein rull som kjole eller genser.

No skal berre nålene festast, slik at ponchoen kan syast til topp.

LES OGSÅ: Drøymer om å designa klede for Lady Gaga

Syboom
Jentene merkar at det er stor interesse for det å sy, og vonar at bloggen deira kan bidra til å inspirere spesielt andre unge til prøve seg. Dei har difor freista å gjere oppskriftene så enkle som mogleg. For sjølv om dei byrja med ferdige sett med utklippsformer og oppskrifter til klede, merka dei at oppskriftene innehaldt uttrykk som kunne verke gresk for ein fersk syentusiast.

Då kan eldre meir erfarne syentusiastar vere gode å ha. Begge jentene har mødre som er rutinerte med symaskina. Kristin har hatt mange heimeproduserte klede i oppveksten og Sara har heimesydd bunad.

– Det har vorte nokre telefonar til mamma, medgjev Sara.

Gode heimesydde vinterjakker til tross. No gler dei seg til varmare tider, når dei kan sy fargerike sommarklede. Missoni-toppen, som endte på 74 kroner, er ein liten forsmak på sommaren. Det er ikkje grenser for kva ein kan sy sjølv, om ein berre har symaskin, stoff, tolmod og litt rettleiing.

Få tips for nybyrjarar under biletet:


"Missoni"-toppen er ferdig og bilete lagt ut på bloggen. Foto: Sydetselv.no

Her er jentene sine råd til deg som vil byrje å sy:

•  Ikkje start med eit for omfattande prosjekt, slik at du missar motet.

• Kjøp ein enkel maskin, utan for mange funksjonar. Ein symaskin er alltid ei god investering, men om ein er usikker på kor mykje ho vert brukt er det greitt å ikkje bruke for mykje pengar.

• Begynn med ein startpakke der ein har ferdige utklipte former til ulike plagg. Storleikane står på utsida og etter kvart kan ein variere ut frå desse mønstera. Ei bukse kan verte shorts og ein genser kan forlengast til kjole.

•  Sy heller for stor enn for liten storleik. Det er lettare å sy inn enn ut.

•  Fest alltid godt med nåler.

•  Ikkje tenk at det er for vanskeleg, start og prøv deg fram.


F.v. Kristin i ein høghalsa kjole, Sara har sydd ei av haustens store jakketrender, Kristin viser ei ulljakke som er praktisk under andre jakker i vinterkulda og Sara i eit enkelt mønstrete skjørt. Foto: Sydetselv.blogg.no