Drøymer om å designa klede for Lady Gaga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil laga kleda til Lady Gaga

– Mange av jentene kom grinande ut frå intervjuet. Eg fekk studieplass på dagen, fortel ho.

LES OGSÅ: Cocktail- og traktoravhengig

Klart val
For lærdalsjenta har det å studera i England alltid vore draumen. Til hausten startar ho på ei bachelorgrad i fashion ved Kingston University i London.

– I mars var eg på intervju hos fem skular i England. Eg hadde søkt for å gå på linja illustrasjon, men etter at fire av skulane fekk sjå portfolioen min så meinte dei at eg heller burde gå fashion. Den fyrste skulen eg besøkte sa til meg at det ikkje var noko poeng å søkja fordi eg kom til å liggja bak alle dei andre. Dei fire andre skulane derimot gav meg studieplass der og da, seier Vindedal.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Einaste norske
Vindedal hadde med seg ein portefolie som bestod av klede som ho hadde laga, teikningar, foto og fleire idear. Den imponerande samlinga gjorde at ho sikra seg ein plass med ein gong. Dei andre ordinære søkjarane får fyrst no vita om dei kjem inn eller ikkje.

– Dei likte best kleda mine, og det var sjølvsagt veldig gøy. Så langt er eg den einaste norske som har kome inn på den linja. Eg elskar England og har alltid vist at eg ville studera der. Ein får så mykje inspirasjon av byen, kulturen og alle folka. Ein ting er sikkert, og det er at eit år i London er uansett ikkje bortkasta, seier ho.

LES FLEIRE MOTESAKER HER!

Wikipedia og Gaga
– Målet mitt er at det ein dag skal kome noko opp på internett når ein søkjer på namnet mitt. Mi eiga Wikipediasida kanskje. Det hadde òg vore veldig tøft om eg ein dag fekk designa eit antrekk til Lady Gaga. Eg ynskjer å gjera kattane mine stolte og at folk skal sjå kva eg lagar. Tanken på å bli designar har alltid vore litt klein, men no høyrest ikkje den ideen så dum ut likevel. Eg trur eg skil meg ein del ut frå andre designarar på grunn av at eg berre brukar resirkulertbart materiale, eller søppel kan ein vel kalla det, seier Vindedal.

LES SAKA I SOGN AVIS!