Halvparten gjekk til helsesøstrer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei undersøking tidsskriftet Sykepleien har gjort. 356 av landet sine 428 kommunar har svart på om dei har auka talet på budsjetterte helsesøsterårsverk frå 2013 til 2014. Dei 356 kommunane som har svart, har til saman fått i overkant av 160 millionar kroner. Ifølgje tal frå Sykepleien er det berre rundt rekna 75 millionar som er gått til det dei skulle. I beste fall er det blitt ein auke på 135 årsverk, trass i at Helse- og omsorgsdepartementet venta at løyvinga ville gi 300 årsverk.

212 av kommunane rapporterer at dei ikkje har hatt noka endring i budsjetterte helsesøsterårsverk frå 2013 til 2014. 121 kommunar melder at dei har auka mengda helsesøsterårsverk frå 2013 til 2014. 23 melder at dei har hatt ein nedgang i budsjetterte helsesøsterårsverk.

LES OGSÅ: Oppdagar ikkje dårleg syn

Lite tid til å følgja opp
I februar 2013 kunne Sykepleien avdekke at 7 av 10 helsesøstrer i ei spørjeundersøking sa at dei har late vera å stilla spørsmål til born og foreldre fordi dei ikkje har tid til å følgja opp svaret. I kjølvatnet av debatten som følgde, varsla dåverande helseminister Jonas Gahr Støre 180 millionar ferske kroner til styrking av helsestasjonane og skulehelsetenesta. Over statsbudsjettet for 2014 kom desse pengane. Kvar kommune har fått minimum 100.000 kroner i frie midlar, men med ei føring om at dei skal brukast til å styrkja helsestasjonar og skulehelsetenesta.

Ifølgje Helsedirektoratet bør ikkje éi skulehelsesøster ha ansvar for meir enn 800 elevar. Ifølgje ei tidlegare undersøking av Sykepleien viser at éi av tre skulehelsesøstrer har ansvar for meir enn 1000 elevar.

Sjekk kommunen din her!

Krev øyremerkte tilskot
– Ordførarar bør ha ein flau smak i munnen, seier forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund, Eli Gunhild By, i ei pressemelding.

Ho krev no ein forpliktande opptrappingsplan for helsestasjons- og skulehelsetenesta, med øyremerka midlar. Som ein del av denne planen meiner forbundet at det må setjast av minst 250 millionar kroner til formålet i 2015.

LES OGSÅ: Pressar på for fleire helsesøstrer