139 studentar ved Noregs største utdanningsinstitusjonar vart tekne for juks i fjor. Dei fleste av desse på Universitetet i Oslo.

mm
Faktaboks

Talet på studentar tekne i juks per 1000 i 2013:

• Universitet i Oslo: 1,86

•  Universitet i Stavanger: 1,20

•  Høgskulen i Oslo og Akershus: 1,15

•  Universitet i Tromsø: 1,08

•  NTNU: 0,83

•  Universitet i Agder: 0,80

•  Handelshøgskulen BI: 0,60

•  Universitet i Nordland: 0,53

•  Universitet i Bergen: 0,42

•  Noregs idrettshøgskule: 0

• NMBU: 0

Kjelde: Universitas

LES FAKTALUKK FAKTA

39 studentar ved Universitetet i Oslo vart tekne for juks i fjor. Det er nesten ti gonger så mange som i 2002, då berre fire vart utvist, skriv Universitas.

LES OGSÅ: Rekordhøge juksetal

Humanistisk juks
På universitetet med mest juks vart nesten to studentar per 1000 tekne for eksamensjuks. Det humanistiske fakultet (HF) tronar på toppen med 35 studentar tekne for juks.

Til Universitas fortel seniorkonsulent Signe Thorstad ved HF at fleirparten av desse sakene vart oppdaga på exphil, eit fag der det kjem studentar frå alle fakultet. Ho forklarar òg den høge jukseraten med at fakultetet har mange heimeeksamenar, der det er lett å drive med «klipp og lim» og andre typar avskrift. For å avdekkje slikt juks nyttar dei plagiatkontrollprogrammet Ephorus.

På skuleeksamenar er det eksamensvakter som sjekkar at elevar ikkje har med seg til dømes jukselappar og mobil. I tillegg har UiO henta inn ein handskriftekspert som sjekkar jukselappar som vert funne i lokala mot handskrifta på eksamenssvara.

Vert ein teken for juks kan eksamen verte annullert og ein risikerer utestenging frå høgare utdanning i eitt eller to semester.

Dyre advokattenester
På andreplass over jukseutviste kjem Universitetet i Stavanger, der litt over ein student per 1000 vart tekne for juks. Rett bak kjem Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA).

Når studentar vert tekne for juks vert saka sendt til klagenemnda ved universitetet eller høgskulen. Desse studentane har rett på advokatbistand, betalt av utdanningsinstutisjonen.

Stadig fleire studentar nyttar seg av tilbodet om gratis advokat. Førre skuleår nytta HiOA tilsaman 200.000 på ti advokatar. Dette er ein kraftig auke frå 40.000 kroner året før, skriv høgskuleavisa Khrono.

Gode resultat på Ås
Ikkje alle studentar juksar med vilje. Nokre dreier seg ganske enkelt om misforståingar knytt til korleis ein siterer i akademia.

Ved Noregs idrettshøgskule og Norges miljø– og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås var det ingen studentar som vart tekne for juks i fjor. Dette forklarar studiedirektør ved NMBU, Ole-Jørgen Torp, med mellom anna nye rutinar og gode nettsider.

– Frå og med hausten 2013 vart det innført ei rutine ved studentane si semesterregistrering, der dei skal svare på to enkle spørsmål knytt til plagiering. Det er òg laga nettsider med informasjon som vert løfta fram i forkant av kvar eksamensperiode, fortel studiedirektør Torp til Universitas.

Oppdatert: måndag 6. november 2017 10.03

LES OGSÅ

ANNONSE