Einaste nynorskelevane i Oslo: – Fordel å skriva nynorsk

Lofsrud skole husar dei to einaste grunnskuleelevane med nynorsk som hovudmål i Oslo.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fordel å skriva nynorsk

– Alle vil skrive om at Medna skriv nynorsk, lo Sjovda Akhvarbekovna Viskhanova, då vi møtte dottera hennar og einaste nynorskbrukaren i Oslo, Medna Israilova (16) i 2012. No har Medna fått selskap av Ayaan Hersi (13).

LES SAKA: Medna fekk kronikk frå Kjartan Fløgstad: – Litt kjekt, og litt skummelt

Frå Stryn til Oslo
Likeeins som Medna, flytta Ayaan frå Stryn til Mortensrud saman med familien sin. Då ho byrja i Oslo-skulen valde ho å halde på nynorsken.

– Eg trudde det var fleire enn oss to som hadde nynorsk, seier Ayaan, som går i åttande klasse.

– Same her. Det er veldig rart at vi er dei einaste, men litt kult at vi går på same skule, seier tiandeklassingen Medna.

Dei har tenkt å halde fram med nynorsk, også på vidaregåande, sjølv om dei meiner nynorsk er meir komplisert enn bokmål.

– Det er ein fordel å skrive nynorsk. Mange av dei som har bokmål som hovudmål slit med nynorsk, men vi kan jo bokmål òg. Det er lettare for oss, seier Medna.

– Når vi har prøve i nynorsk synest dei andre at eg er heldig. I tillegg er det litt spesielt å ha nynorsk som hovudmål, for det er så få som har. Nynorsk er litt finare, tykkjer Ayaan.

LES OGSÅ: Dobbelt så mange nynorskelevar i Oslo

– Snakkar du svensk?
Ifølgje Utdanningsdirektoratet går kring 60.000 elevar i grunnskulen i Oslo. At Medna og Ayaan er dei einaste av desse som har nynorsk som hovudmål, tykkjer dei begge er rart.

Somme trudde at eg snakka svensk i byrjinga og av og til måtte eg forklare på bokmål. Det er litt trist at det er så få som skriv nynorsk her, seier Ayaan, som flytta til Oslo frå Stryn for snart to år sidan, då ho skulle byrje i sjuande klasse.

– Eg skjønar ikkje heilt kvifor det er så få. Eg har lagt merke til at andre som har flytta til Oslo skiftar til bokmål. Det kunne eg aldri ha gjort, då hadde eg følt meg som ein annan. Dessutan er det er betre å halde på nynorsken, for bokmål lærer ein jo uansett. Nynorsk bruker ein kanskje lenger tid på å lære, og då burde ein halde på den, meiner Medna.

Ho trur mange tykkjer det er vanskeleg å halde på språket når ein flyttar til ein ny plass.

– Då eg flytta hit og skulle byrje på ungdomsskulen kjente eg ingen. Det kan vere litt skummelt, og mange tykkjer kanskje det er litt vanskeleg å til dømes halde på språket sitt. Eg angrar ikkje på at eg gjorde det, ein må vere som ein sjølv vil, og ikkje prøve å vere som nokon andre. Måten ein snakkar og skriv er ein stor del av det, meiner Medna.

Dei meiner det er ganske annleis å bu i Oslo enn i Stryn.

– Folk er annleis her, både i språk og i oppførsel. I Oslo er mange frå forskjellige land og ein kan lære av kvarandre på ein måte. I Stryn var det flest norske, men uansett om ein kjem frå ein annan kultur kan ein kjenne seg heime. Ingen bryr seg om ein har ein annan hudfarge eller kjem frå eit heilt anna land, seier Ayaan.

– Her er folk frå veldig mange forskjellige kulturar, og du blir akseptert for kven du er og kvar du kjem frå. Kanskje tør ein å ytre seg litt meir når ein ikkje er den einaste som er annleis, seier Medna.

QUIZ:Skjønar du bokmål?

Kan mange språk
Medna sin familie flytta til Stryn frå Tjsetjsenia i 2006, då Medna var åtte år. Ho snakkar tjsetjsensk, norsk, russisk og engelsk. Ayaan sine foreldre er frå Somalia, og forutan nynorsk og bokmål, kan ho somalisk, arabisk, engelsk og litt fransk.

– Eg trur det er ein fordel å kunne mange språk når ein skal søke jobb. Samstundes forstår eg dei som tykkjer det er vanskeleg og tidkrevjande å lære nynorsk, seier Ayaan.

Medna meiner det er betre å kunne nynorsk.

– Veldig mange klagar på at dei må lære nynorsk, men det skadar dei ikkje. Det er ikkje sikkert dei får bruk for det, men det er likevel betre å kunne nynorsk enn å berre kunne bokmål, meiner ho.

Blant over 60.000 grunnskuleelevar i Oslo er (f.v.) Ayaan Hersi (13) og Medna Israilova (16) dei einaste som har nynorsk som hovudmål. Les intervju med dei måndag ettermiddag! Foto: Tora Hope