Størst vekst i nynorskelevar i Rogaland, men også framgang i fleire fylke utanom det nynorske kjerneområdet.

mm
Faktaboks

Her er kommunane med flest grunnskuleelevar med nynorsk som hovudmål:

Kommune Elevar
Stord 2509
Time 2280
2223
Os 2078
Førde 1792
Kvinnherad 1742
Bømlo 1728
Voss 1715
Klepp 1614
Flora 1540
Karmøy 1408
Lindås 1380
Ørsta 1262
Ulstein 1176
Vindafjord 1166
Fjell 1143
Giske 1135
Sula 1134
Herøy 1092
Volda 1086
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er gledeleg å sjå at tala går opp i Rogaland, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø til Framtida.no.

Rogaland er det einaste fylket innanfor kjerneområdet der talet på nynorskelevar stig. Dette skuldast i hovudsak stor folkeauke i fylket, og då særleg i fleire av nynorskkommunane rundt Stavanger.

LES OGSÅ: Vil gi ekstrapoeng til nynorskelevar

Har bremsa opp nedgangen
I dette skuleåret er det 76.977 elevar med nynorsk som hovudmål, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ein nedgang på 433 elevar sidan førre skuleår. Ikkje sidan 1996/97 har det vore så få elevar med nynorsk som hovudmål.  Men den gongen var det mange færre elevar totalt sett enn i dag.

Frå ein nynorskdel på 16,14 prosent i 1996/1997, er det no 12,51 prosent av alle elevane i norsk skule som har nynorsk som hovudmål. Det er ein nedgang på 0,08 prosent frå året før, og den minste nedgangen på mange år. 

– Det er gledeleg at det ikkje er så store ras for kvart år, seier Tennø til Framtida.

Seks fylke opplever oppgang i talet på nynorskelevar. I år er det berre Østfold og Finnmark som ikkje har grunnskuleelevar med nynorsk som hovudmål.

I Oslo gjekk talet opp frå éin til to elevar. Trondheim kan også skilta med to nynorskelevar – opp to frå førre skuleår.

I Stavanger er det no 14 elevar med nynorsk som hovudmål, to færre enn førre skuleår. I Bergen er det ein nedgang frå 729 elevar i førre skuleår til 664 elevar i år.

Les intervjuet med dei einaste nynorskelevane i Oslo!

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Demografi har mest å seia
Leiaren i Noregs Mållag seier demografi betyr meir for talet på nynorskelevar enn språkskifte.

– Det bur fleire folk i bokmålsområde, og veksten i folketalet er større her, seier ho.

Nedgangen i talet på nynorskelevar i Sogn og Fjordane synest ho er heilt udramatisk.

Størst nedgang frå i fjor er det i Oppland og Telemark der nedgangen er på høvesvis 103 og 177 nynorskelevar.

– Kva skal til for å snu trenden, slik at delen av elevar med nynorsk som hovudmål veks?

– Det er ein veldig enkel måte, som kanskje ikkje er så enkel: Å snu flyttestraumane. Hadde det budd fleire folk i nynorskområda i vest, så hadde det ordna seg sjølv.

Ho legg til at det er viktig å halda på nynorsken i vekstområda rundt Bergen og Stavanger.

LES OGSÅ: Medna fekk kronikk frå Kjartan Fløgstad: – Litt kjekt, og litt skummelt

LES SISTE NYTT OM NYNORSKEN HER!

Så mange grunnskuleelevar har nynorsk som hovudmål:

Fylke

2013/14

Endring

Østfold

0

0

Akershus

6

1

Oslo

2

1

Hedmark

2

1

Oppland

3903

-103

Buskerud

909

-3

Vestfold

1

0

Telemark

1959

-177

Aust-Agder

759

-20

Vest-Agder

738

-6

Rogaland

14199

79

Hordaland

23873

-75

Sogn og Fjordane

13736

-79

Møre og Romsdal

16825

-66

Sør-Trøndelag

52

12

Nord-Trøndelag

2

2

Nordland

1

0

Troms

10

0

Finnmark

0

-1

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE