Fleirtalet av den norske befolkninga vil ikkje at staten skal stille som garantist for eit eventuelt Oslo-OL. Motstanden er størst i distrikta.

mm

Oslo kommune har søkt staten om uavgrensa statsgaranti for Oslo-OL i 2022.

Ifølgje regjeringa si kvalitetssikring vil det offentlege verte belasta med 22-24 milliardar norske kroner. Denne summen vil Oslo kommune at staten skal garantere for, men her møter dei motstand i befolkninga, viser ei undersøking gjort av Norstat på oppdrag for Minerva.

LES OGSÅ: Nord-Noreg negativ til OL på Austlandet

Motstand i nord og vest
58 prosent dei spurte i undersøkinga tykkjer ikkje staten bør stille som garantist for eit norsk OL i hovudstaden. Berre ein av fire meinte at staten burde bla opp for eit OL i Oslo.

Ikkje overraskande er motstanden størst lengst unna Oslo. I Nord-Noreg var tre av fire imot ein slik garanti, medan berre ni prosent var for.

Vestlandet er litt meir positive, men òg her er meir enn ein av tre mot at staten skal ta rekninga.

Spørjeundersøkinga er gjort tidlegare denne månaden, før det vart kjent at Noregs idrettsforbund skal nytte mellom 10 og 12 millionar på det Raudt-leiar Bjørnar Moxnes omtalar som ein gigantisk «smørebod»i Sotsji. I «Norway House» skal norske utsendingar pleie forholdet til IOC-medlemmer og lodde stemninga for eit eventuelt Oslo-OL.

LES OGSÅ: Oslo-elevar seier ja til OL

Litt positive i Oslo
Ikkje overraskande er Oslofolket mest positive til eit statsfinansiert OL.

Under fjorårets folkeavstemming i Oslo om byen skulle søkje om OL i 2022 tok ja-sida innersvingen på motstandarane. Ja-sida fekk då 53,5 prosent av stemmene.

Berre 37 prosent svara ja på at staten burde betale ein OL-fest om åtte år. 

Dei vert slått av nei-sida, sjølv om motstanden er mindre i aust.

Det er berre i hovudstaden at under halvparten  – 49 prosent – svarar nei på spørsmålet om staten bør innfri Oslo kommune sin søknad om å dekkje størsteparten av utgiftene for Oslo-OL 2022. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE