Nord-Noreg negativ til OL på Austlandet
– Det vil vere vanskeleg for eit politisk parti å misjonere for eit OL i Oslo så få år etter at søknaden til Tromsø vart trekt av idretten sjølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Negativ til OL på Austlandet
Dei seier Knut Bjørklund, leiar av Troms idrettskrets, til NRK.
OL i 1994 på Lillehammer skapte entusiasme og gode minne i den norske befolkninga. Derfor ville også Tromsø vere vertskap for eit nytt OL. Men den gongen sa idretten nei til eit slikt meisterskap i nord.
No meiner Knut Bjørklund at argumenta som kom mot OL i Tromsø er like haldbare mot OL i Oslo.
– Det vart sagt til oss den gongen at nasjonen ikkje hadde råd til eit slikt OL, og at idretten måtte ta samfunnsansvar og dermed trekkje søknaden.
Bjørklund er i dag sterkt imot OL i Oslo, og deler argumentasjonen til leiaren i Finnmark idrettskrets, May Bente Eriksen.
LES OGSÅ: OL promoterer fedme
– Vi er veldig tydelege på at eit eventuelt OL i Oslo ikkje må gå på kostnad av anleggsutbygging i resten av landet. Det store etterslepet på midlar til idrettsanlegg må prioriterast, seier ho.
Nordland idrettskrets fryktar også for bygginga av idrettsanlegg, men leiar Einar Botnmark seier ja til Oslo dersom idretten slepp med å finansiere berre 11 prosent av kostnadene.
– Det svei godt etter OL på Lillehammer i 1994 då ein betalte rekningar i mange år etterpå.
Idrettstinget sa ja til å søkje om OL i Oslo i 2022, viss idretten ikkje må finansiere meir enn 11 prosent. Med eit etterslep på to milliardar kroner til idrettsanlegg i Noreg, kan dette vise seg å bli eitt av dei viktigaste punkta mot eit OL. (©NPK)
LES OGSÅ: Lillehammer får OL igjen
Er det på tide at Noreg arrangerer OL igjen? Kvar synest du i så fall at det bør arrangerast?