Motebloggaren som slutta å shoppe

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marie Nord (27) driv digitalbyrået We Don`t Do Print. I tillegg står ho bak motebloggen DagensOutfit&Co, der ho publiserer bilete av lesarane sine antrekk. Men Nord er ikkje ein vanleg motebloggar.

Urealistisk bloggrøynd
For to år sidan inviterte Nord kjende og ukjende heim til seg sjølve for å byte vekk klede dei var leie av. Etter den første kvelden kunne ho stappe ti sekkar med klede i Fretex sine konteinarar. Prosjektet Trade Day var født.

– Gjennom mi eiga blogging vart eg oppteken av problematikken kring det å bruke pengar på ting som ikkje er naudsynte. Motebloggarar poserer stadig i nye antrekk. Somme av dei har sjølv råd til all handlinga, men dei får òg mykje klede gratis. Ein vanleg person har ikkje så mykje pengar som bloggarane ser ut til å ha. Eg meiner desse bloggane medverkar til eit kjøpepress, der vi handlar stadig meir ting vi ikkje treng, seier Nord.

LES OGSÅ: Framleis engasjerte

I fjor utvida ho konseptet, og fekk tak i lokale i Oslo. Kring 300 personar møtte opp til kvar av dei to arrangementa i haust. Etter den første store bytedagen sat arrangørane att med over 500 kilo klede, som dei gav til Fretex.

Konstant shoppinggalskap
Nord meiner ein godt kan kle seg fint og vere oppteken av mote, men ikkje for ein kvar pris. I eit innlegg på bloggen Under Arbeid tek ho eit oppgjer med det ho meiner er ei glorifisering av å gå med fulle handleposar i kvar arm.

“La meg bare få en ting på det reneste rene. Du MÅ ikke ha en eneste damn shit”, skriv Nord i innlegget.

– Shoppinggalskapen rår heile tida. Stadig sett vi nye handlerekordar og folk vil alltid ha det nyaste. Men det er mogleg å gi dei kleda ein har eit lenger liv. Ei skjorte ein har brukt mykje og gått lei av, kan bli eit nytt plagg for nokon andre. Trade Day handlar om dette, men også på sikt om å motverke kjøpepresset. Alle har ikkje råd til å kjøpe nye klede heile tida, seier ho.

LES OGSÅ: Valets kvaler om utdanning

Nord meiner kjøpepresset heng saman med eit ønske om å vere perfekt.

– På ein måte er kjøpepress nært knytt til skjønnheitspress. Ein skal vere tynn, fint sminka, med langt bølgjande hår og nye klede. Men sixpack, leppestift og klede bør ikkje definere kven vi er. Ein kan utrykkje sin identitet utan å kjøpe nytt heile tida, seier ho.

– Nokre argumenterer for at jobbar vil gå tapt om ein sluttar å handle, men verda går ganske fort nord og ned dersom ein skal ta ansvar for andre sine jobbar ved å handle meir. Eg ønskjer å snakke til individa og fortelje at ein ikkje treng å kjøpe nye ting når dei ein har ikkje er øydelagt, seier ho.

Ein dragkamp
Sidan oppstarten har Nord brukt mykje tid på Trade Day, som ho omtalar som ein hobby. Vi må likevel spørje:

– Du driv også ein moteblogg der du syner fram stadig nye antrekk. Kan ikkje din blogg medverke til det kjøpepresset du arbeider mot?

– Eg er med på den kritikken. Eg syner jo fram Chanel-vesker der, og det er kanskje litt hyklersk. Samstundes kom Trade Day nettopp som ein følgje av at eg gjennom bloggen såg kor mykje folk bruker på klede, fortel Nord.

LES OGSÅ: Norske gründer-kvinner halar innpå

DagensOutfit&Co legg ho ut antrekksbilete som folk sjølv har teke og sendt inn.

– Ein må starte ein stad, og når eg har tilgang til ein såpass stor plattform som DagensOutfit&Co, kan eg bruke den til å leggje ut informasjon om Trade Day. På bloggen kan ein også bli inspirert til å finne nye kombinasjonar av dei kleda ein allereie har, meiner Nord, som fortel at ho på noverande tidspunkt er meir involvert i Trade Day enn i bloggen.

I sitt daglege arbeid i bedrifta We Don`t Do Print, opplever Nord den same konflikten.

– Eg arbeider jo med å hjelpe andre til å selje fleire produkt. Det vert ein dragkamp, men eg føler at Trade Day kan medverke til å vege opp litt.

Shoppestopp
Ikkje minst har den omfattande hobbyverksemda fått betyding for grunnleggjaren sjølv. No har ho ikkje handla sidan oktober.

– Det siste eg kjøpte var ein kaps som var på sal på Hennes & Mauritz. Den har eg angra veldig på! Eg hadde jo lyst på kapsen, men det var ikkje noko vits i å kjøpe den, fortel ho.

– Etter at eg laga det store arrangementet i sommar, vart eg veldig medviten på kva eg sjølv kjøper. Eg såg kor mykje klede som kom inn og vart sjokkert over kor mykje ting folk har, som dei ikkje bruker.

No planlegger Nord å ta bytekveldane med på rundtur i Noreg.

– Sidan vi starta har eg hatt lyst til å reise på turné. Trade Day er eit fint initiativ også for ungdom i resten av landet. Vi kjem også til å arrangere ein Trade Day til i Oslo i laupet av våren, fortel ho.

LES OGSÅ:Vil vise deg billeg mote

 

Ved å arrangere bytedagar ønsker Marie Nord å motverke det ho meiner er eit sterkt kjøpepress. Foto: Trade Day