Framleis engasjerte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter 22.juli-terroren opplevde landet eit politisk engasjement hjå ungdommen som ein knappast hadde sett maken til, og nye ungdomsparti blei danna over det ganske land. I Kvinnherad fekk vi AUF, Unge Venstre og Unge Høgre, pluss at Senterungdommen i Sunnhordland og Sunnhordland KrFU blei stifta med kvinnheringar i spissen. Men korleis har dei klart seg, og kor aktive er dei i dag, to og eit halvt år etterpå? Kvinnheringen har teke ein runde for å sjekka.

Kvinnherad AUF har planar om å bli meir synlege i 2014. Laget har berre godt å seia om forholdet til moderpartiet.

– Eg vil verkeleg rosa Kvinnherad AP for måten vi blir inkludert på. Moderpartiet høyrer på det vi har å seia, og har vi innspel til saker å jobba med, så følgjer det opp, fortel nyvald leiar Nikolai Rørdal (17) frå Husnes.

– Vi har mellom anna jobba med å få tak i midlar til ungdomssenteret på Husnes, og til maling av brannstasjonen. Nett no kjenner vi at blokka byrjar å bli litt tom, men under årsmøtet vårt i februar skal vi setja opp ein ny agenda for tida som kjem.

Laget skal òg delta på Hordaland AUF sitt årsmøte no i januar.

LES OGSÅ: AUF og Grøn Ungdom aukar mest

Litt startproblem
Kvinnherad Unge Høgre har ikkje dei tunge sakene på lista, men engasjerer seg veldig i skulespørsmål.

– Vi har nok ikkje hatt heilt det engasjementet vi kunne ønskt oss til no. Men vi planlegg ein del verving framover, og vonleg kjem litt ny giv med dette, seier Ann Lisbeth Ljosnes Moen (18) frå Uskedalen.

Ho har vore leiar i Kvinnherad Unge Høgre sidan oppstarten hausten 2011.

– Men til årsmøtet vårt i februar kjem det nytt styre. To av noverande medlemmer har alt flytta, medan eg flytter til hausten. Berre éin blir att, så det er på høg tid å få inn nye folk.

Mest aktiv på fylkesnivå
Også Kvinnherad Unge Venstre har blitt råka av at medlemmene flyttar vekk. Men leiaren vil prøva å få opp aktiviteten att. Då Kvinnherad Unge Venstre starta opp hausten 2011, var det med systrene Ingrid og Ragnhild Handeland frå Valen i spissen. Sidan har Ingrid flytta vekk for å gå på skule, det same har Mari Raudstein som sat i styret i lag med systrene.

– Vi var fire aktive medlemmer i laget, men med at to har flytta vekk så er det ikkje så mykje aktivitet per no. Men laget består, og planen er å få meir aktivitet igjen etter kvart, seier Ragnhild, som er ny leiar etter systera.

Ragnhild brukar elles tida godt.

– Eg er nokså aktiv i Hordaland Unge Venstre. Og er det då saker som råkar Kvinnherad, får eg jo ein sjanse til å fremja desse her. Som til dømes i høve til den mykje omtalte skulebruksplanen.

Tre av fire flytta
Sunnhordland KrFU har den same utfordringa som ungdomslag generelt: Medlemmene flyttar vekk.

– Tre av oss fire i styret går for tida vekke på skule. Vi får derfor berre høve til møteverksemd i feriar, noko som gjer at det er lite aktivitet i laget for tida, seier nestleiar Kjersti Brede Teigen (21) frå Valen.

Med frå Kvinnherad har ho Gunnar Langeland i styret. Leiaren for laget er ei jente frå Fitjar.

– Kollektivtransport og helse er viktige område for oss. Vi har vore mest aktive på Stord av di det er der vi har basen vår, fortel Brede Teigen.

– Kva er planen dykkar vidare?

– Eg er ikkje sikker, men vi må koma saman snart og leggja ein plan, seier Brede Teigen.

Vanskeleg å administrera
Senterungdommen i Sunnhordland opplevde fleire utfordringar, som førte til at dei blei oppløyst i haust.

– Det blei rett og slett for vanskeleg å administrera eit lag på tvers av kommunegrensene, og få var viljuge til å ta på seg leiarverv. I haust såg vi oss derfor diverre tvungne til å løysa opp Senterungdommen i Sunnhordland, seier Petter Wilhelmsen (19) frå Rosendal.

Den tidlegare leiaren av laget sit enno i fylkesstyret, pluss at han er medlem i styret til Kvinnherad SP. Wilhelmsen har på ingen måte gjeve opp å få til eit nytt lag for ungdommen her lokalt.

– Denne gongen tenkjer vi enda meir lokalt, slik at det skal vera lettare å få til møteverksemd og slike ting. I løpet av året vonar eg vi får Senterungdommen i Kvinnherad opp å gå, seier han.

Venter på eldsjela
Kvinnherad Frp skulle gjerne hatt eit ungdomsparti, men berre om initiativet kjem frå ungdommen sjølv.

– Viss ikkje interessa kjem frå ungdommane sjølv, er det sjeldan liv laga, seier Eskil Moen, leiar i Kvinnherad Frp.

Han meiner derfor at eit lokalt ungdomsparti berre vil koma viss ungdommen sjølv tar initiativ til det.

– Viss den rette eldsjela kjenner kallet til å starta opp eit ungdomslag i partiet, vil han eller ho vera høgst velkommen. Og vil få all den støtte og oppfølging som trengs, seier Moen.

Ønskjer seg SU
Kvinnherad SV er i planleggingsfasen av eit eigen ungdomsparti.

– Vi vurderer få til eit eiget ungdomsparti for SV lokalt, og har litt samarbeid med Stord i høve til dette. Kan hende det blir eit SU for Sunnhordland, fortel Hege Lægreid Røssland, leiar i Kvinnherad SV.

Ho seier at ungdomsrepresentanten deira, Silje Olsen Økland, er sett på saka, og at det førebels er litt uvisst kva tid eit slikt parti vil vera oppe å gå.

Les saka i Kvinnheringen!