Stor nedgang i mobbetal
Nær 10.000 færre elevar rapporterer at dei blir mobba fleire gonger i månaden, men Utdanningsdirektoratet åtvarar mot usikre tal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Talet på elevar som rapporterer om mobbing i 2013 er mykje lågare enn i 2012. Omfanget av mobbing i skolen har vært stabilt på nasjonalt nivå i perioden 2007 til 2012. Fra 2012 til 2013 er nedgangen signifikant.
4,2 prosent av elevene svarar hausten 2013 at de blir mobba to-tre gonger i månaden eller oftare. Dette utgjer knapt 17.000 elevar av dei kring 400.000 elevane frå 5. til 10. trinn som svarte. Våren 2012 var det 6,8 prosent som svarte det same.
Årets spørsmåla i årets undersøking er endra, noko som gjer det vanskeleg å samanlikna direkte.
– Me bør difor vera forsiktige med bastante konklusjonar nå, men det er uansett gledeleg at fleire undersøkingar viser at læringsmiljøet i norsk skule er i betring, seier Kjersti Flåten, divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet.
LES OGSÅ: – Mobbeoffer treng oppreising
I Elevundersøkinga har elevane for første gang svart på spørsmål om ulike former for krenkingar. Det ble også stilt spørsmål om kven som krenkte, kvar det skjedde og om skulen hadde gjort noko som hjelpte eleven.
Resultata viser at verbale krenkingar og utestenging er mest utbreidd. 11 prosent av elevane hadde for eksempel opplevd å bli gjort narr av eller erta slik at dei blei leie seg, to eller tre gonger i månaden eller meir.
Truslar, slag og spark blei også kartlagt. 3,3 prosent rapporterte at dei hadde opplevd å bli slått, sparka eller heldt fast slik at dei blei redde, to eller tre gonger i månaden eller meir.
– Målet er å kartleggja meir konkret kva elevane opplever av krenkingar på skulen, slik at skulane kan bruka undersøkinga meir målretta. Me har dei siste åra sett mykje godt arbeid for å betra læringsmiljøet til elevane. Skular som også tar tak i krenkande språkbruk og erting, og jobbar med verdiar og haldningar, har mindre mobbing enn dei skulane som ikkje jobbar like systematisk med dette, seier Flåten.
Faktaboks
Andre funn
– Det er ein klar auke i krenkingar frå 8. trinn til 9. og 10. trinn
– Det er klare kjønnsforskjellar i kva for typar krenkingar elevane opplever.
– Flest svarer at det er medelevar som krenkjer, og krenkingar føregår oftast ute
– Elevane svarer at skulene i liten grad kjenner til krenkingar
– Mange elevar opplever ikkje å få hjelp frå skulen når dei blir krenkte
– Både gutar og jenter opplever litt betre arbeidsro no enn tidlegare år