Venstre og KrF reagerer kraftig på at regjeringa prøver å endre pressestøtta utan å snakke med dei. No risikerer kulturminister Thorhild Widvey (H) refs frå Stortinget.

NPK
NPK

– Regjeringa kan ikkje gjere endringar i pressestøtta utan å konsultere oss. Da gjer dei opp rekning utan vert, seier leiaren i finanskomiteen på Stortinget, Hans Olav Syversen (KrF), til Dagsavisen.

Kulturdepartementet la i eit høyringsnotat før jul opp til å kutte produksjonstilskotet til aviser som er størst eller åleine på utgivarstaden og har eit opplag på 4.000– 6.000 eksemplar, og å innføre eit tak på 40 millionar kroner i pressestøtte per avis. Det råkar rundt 30 lokalaviser og dessutan Vårt Land og Dagsavisen. Mentor Medier, som eig både Dagsavisen og Vårt Land, signaliserte denne veka at dei truleg må kutte 25– 30 stillingar om framlegget blir gjennomført.

Kritisk Presse-Noreg
I høyringsrunden, som no er fullført, er pressa samla kritisk til framlegga. Mediebedriftenes landsforbund (MBL) skriv i sitt høyringsnotat at det kan sjå ut til at framlegget byggjer på gale føresetnader.

– Desse mediebedriftene har ikkje sterk økonomi, og økonomien blir svekt år for år. Framlegget vil ramme evna deira til innovasjon og utvikling, skriv MBL mellom anna.

Norsk Redaktørforening (NR) meiner som fleire av høyringsinstansane at regjeringa bør trekkje heile forslaget tilbake.

– Å hente inn 13 millionar kroner i tilskot ved å ramme 30 til dels svært sårbare avseier, kan berre kallast treffsikkert dersom målet er å skadeskyte, skriv Redaktørforeininga.

LES OGSÅ: Lokalavisene: – Meir drastisk enn venta

Nynorskavisene blir råka hardt
Nynorsk kultursentrum peikar som både Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Ørsta kommune på at framlegget råkar nynorskpressa særleg hardt. Alle krev dei at regjeringa tar omsyn til dei språkpolitiske konsekvensane, sjølv om pressestøtta strengt tatt ikkje er å rekne som eit språkpolitisk verkemiddel.

– Framlegget til endringar ser bort frå alle språkpolitiske perspektiv og konsekvensar. Det finn vi svært uheldig, og vi meiner dette er på tvers av det Stortinget la vekt på i handsaminga av språkmeldinga Mål og meining våren 2009. Her slo Stortinget fast prinsippet nynorsk. Det inneber at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast der norsk språk blir tematisert, argumenterer Nynorsk kultursentrum.

LES OGSÅ: – Ingen nynorskaviser å miste

Stoppar i Stortinget
På Stortinget reagerer samarbeidspartia til regjeringa, Venstre og KrF, kraftig på at regjeringa no prøver å endre pressestøtta utan å først bli einig med dei. Høgre og Frp har ikkje fleirtal aleine og er avhengig av støtte frå Venstre eller KrF for å gjere endringar.

– Pressestøtta er ein del av budsjettforliket, og regjeringa må tilbake til Stortinget om dei vil gjere endringar, seier Venstre-nestleiar Terje Breivik.

No ber KrF og Venstre kulturminister Thorhild Widvey (H) skjerpe seg.

– Kulturministeren risikerer å få pålegg frå Stortinget for den prosessen ho har lagt opp til no, seier Syversen

Breivik seier at regjeringa må greie ut om konsekvensane av slike endringar i pressestøtta og konsultere Stortinget før dei kan gjere endringar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE